Live Rust er eit konsertalbum av Neil Young og Crazy Horse, som vart spelt inn hausten 1978 under Rust Never Sleeps-turneen. Showet på Cow Palace i San Francisco vart filma og gjeven ut som ein konsertfilm. Albumet Live Rust består derimot av innspelingar frå fleire andre stader og kom ut i 1979.

Ein kan òg høyre lydklipp frå Woodstock og Jimi Hendrix si utgåve av «Star Spangled Banner».

CD-utgåva av albumet er noko forkorta slik at ein fekk plass til heile på ein enkelt CD. Mellom anna manglar delar av gitarsoloen frå «Cortez the Killer». I 2014 vart ei nymastra, høgoppløyseleg utgåve tilgjengeleg for nedlasting på Pono, der albumet var i originallengda.

Albumet nådde 15. plassen på den amerikanske albumlista og i Noreg nådde det 27. plassen.

Innhald

Medverkande Neil Young: sologitar, munnspel, piano, solovokal Crazy Horse Frank Sampedro Gitar, keyboard, vokal Billy Talbot Bass, vokal Ralph Molina Trommer, vokal

Salslister Album Liste (1979–80)PlasseringÅrslisteItalienske album (FIMI)2576 (1979)———US Billboard 20015—

Singlar ÅrSingelListePlassering1979"Hey Hey, My My (Into the Black)"US Billboard Hot 10079

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USAGull11. mars 1980RIAA – USAPlatina7. februar 1988

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Live Rust» frå , den 29. oktober 2010.

Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Konsertalbum frå 1979 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Crazy Horse-album