Sir Winston Leonard Spencer Churchill () var ein britisk politikar, offiser og forfattar, mest kjend som statsminister i Storbritannia under andre verdskrigen. Han vann nobelprisen i litteratur i 1953 for bøkene sine om britisk historie og andre verdskrigen.
Winston Churchill tente under seks monarkar, var medlem av 16 parlament og arbeidde under fem statsministrar, og han var sjølv statsminister to gonger. Han blei handelsminister i 1908 og marineminister i 1911. I 1917 blei han ammunisjonsminister, i 1919 krigs- og luftfartsminister og i 1921 koloniminister. 1924-29 var han finansminister. I 1939 blei han utnemnd til marineminister, og i 1940 blei Churchill statmininister etter Neville Chamberlain.
Churchill var også forfattar av 37 bøker fordelt på i alt 58 band, og han rakk å måle over 500 måleri.
Bakgrunn
mini|venstre|Jennie Spencer Churchill med dei to sønene sine, Jack (t.v.) og Winston (t.h.) i 1889.
Churchill var fødd på Blenheim Palace i Oxfordshire. Han var son av politikaren Randolph Churchill, den tredje sonen til hertugen av Marlborough, og Jeanette (Jennie) Jerome, dotter av den amerikanske millionæren Leonard Jerome. Det fullstendige etternamnet hans var Spencer-Churchill, men som far sin sløyfa han Spencer og brukte berre Churchill. På farssida stamma han frå den store engelske generalen John Churchill, den første hertugen av Marlborough. Det at han var halvt amerikansk var noko Churchill seinare ofte spøkte med, særleg i selskap med Franklin Roosevelt.
I 1876 blei farfaren til Churchill, John Spencer-Churchill, utnemnd til visekonge av Irland, som då var del av kongeriket Storbritannia. Randolph blei privatsekretæren hans, og familien flytta til Dublin. Bror til Winston, Jack, blei fødd der i 1880. Gjennom mesteparten av 1880-talet var Randolph og Jennie i røynda separerte, og gutane blei stort sett oppseda av barnepassaren Elizabeth Everest. Då ho døydde i 1895 skreiv Churchill at ho hadde vore den kjæraste og næraste venen hans i alle dei tjue åra han hadde levd.
Churchill blei sendt til kostskulen St George's School i Ascot i Berkshire som sjuåring. Her meinte dei han var lite akademisk og hadde dårleg oppførsel. I 1884 flytta han til Brunswick School i Hove, der han gjorde det betre på skulen. I april 1888, som 13-åring, kom han såvidt inn ved den prestisjefylte Harrow School. Faren ønskte å førebu han til ein karrierer i militæret, og dei siste tre åra ved Harrow gjekk han på krigslinja deira. Etter to mislukka forsøk på å koma inn ved Royal Military Academy, Sandhurst, lukkast han på det tredje. Han blei teken opp som kadett i kavaleriet, og byrja i september 1893. Faren døydde i januar 1895, ein månad etter at Churchill gjekk ut frå Sandhurst.
Inn i hæren
I 1895, 20 år gammal, blei han utnemnd til fenrik ved 4th Queen's Own Hussars. Dette regimentet var stasjonert i Bangalore i India, og då Churchill kom dit med båt fekk han ved eit uhell skuldra ut av ledd ved ilandstiginga. Skuldra kom til å gi han problem sidan, tidvis gjekk ho igjen ut av ledd.
mini|venstre|Unge Winston Churchill i offisersuniform
I India var den viktigaste aktiviteten til regimentet polo, noko som ikkje tiltrekte Churchill; han ivra for meir militære aktivitetar. Churchill brukte ein god del tid på å utdanna seg sjølv ved hjelp av bøker han fekk sende av mor si.
Medan han var stasjonert i India søkte han større utfordringar. I 1895 fekk han og Reggie Barnes permisjon for å reisa til Cuba for å observera kampen til spanske styrkar mot cubanske geriljastyrkar. Churchill fekk ein avtale med avisa Daily Graphic der han skulle skriva om konflikten. Til Churchills store glede kom han for første gang under beskyting, og det på sin tjueeinårsdagen sin. På veg til Cuba besøkte han USA for første gong og blei introdusert for New York-sosieteten av ein av elskarane til mora, William Bourke Cockran. I 1897 hadde Churchill igjen fått permisjon og var på reise for å observera den gresk-tyrkiske krigen, men konflikten enda før han kom ftam. Han fortsette derfor til England, men fekk undervegs høyra om pathanopprøret i Den nordvestlege grenseprovinsen (i dag ein del av Pakistan), og hasta tilbake til India for å delta i felttoget for å slå ned opprøret.
Sjefen for ekspedisjonen, Bindon Blood, lét Churchill delta. Han var med i det seks veker lange felttoget og skreiv samtidig artiklar for avisene The Pioneer og The Daily Telegraph, for ein pris av 5 pund per artikkel. I oktober 1897 var Churchill tilbake i Storbritannia og den første boka hans, The Story of the Malakand Field Force basert på ekspedisjonen han nettopp hadde deltatt i, kom ut i desember same året.
Medan han framleis offisielt var stasjonert i India, freista Churchill å få løyve til å bli med på felttoget som skulle ta tilbake Sudan. Leiaren for ekspedisjonen, lord Kitchener, var negativ, men Churchill brukte forbindelsane sine, og fekk statsminister Salisbury til å senda eit telegram om saka. Til slutt fekk Churchill ei stilling ved 21st Lancers, ein styrke sett saman frå London og ikkje av Kitchener. Churchill var samtidig krigskorrespondent for Morning Post, for 15 pund per artikkel. Medan han var i Sudan deltok Churchill i det som er blitt omtalt som det siste vellykka britiske kavaleriangrepet i slaget ved Omdurman. I oktober 1898 var han tilbake i Storbritannia og byrja arbeidet med tobindsverket The River War, som kom ut året etter.
I 1899 forlét Churchill hæren og byrja freista på ein politisk karriere. Han stilte som kandidat for det konservative partiet i Oldham i eit mellomval det året. Han kom på ein tredjeplass (Oldham hadde på den tida to plassar i underhuset) og blei ikkje vald inn.
Den 12. oktober 1899 braut den andre boarkrigen ut mellom Storbritannia og boarar i Sør-Afrika. Churchill reiste ut som krigskorrespondent for Morning Post med eit honorar på 250 pund for fire månader. Vel framme fekk han plass på eit britisk armert togsett (pansertog). Dette togsettet blei avspora i eit bakhold av boarane. Sjølv om Churchill ikkje var i uniform tok han kommandoen, fekk rydda linja og fekk lokomotivet og halvparten av vognene avstad med såra. Churchill sjølv var ikkje så heldig at han slapp unna, men blei tatt til fange saman med andre offiserar og soldatar og halden i ein krigsfangeleir i Pretoria.
Churchill klarte å rømma frå fangeleiren, og med hjelp frå ein engelsk gruvesjef flykta han over 480 kilometer til portugisisk område i Lourenço Marques (dagens Maputo). Flukta gav han ein viss heltestatus i Storbritannia, samtidig som han fekk kritikk for å ikkje ha venta på to andre som hadde planlagt å flykta saman med han. Churchill reiste med skip til Durban og slutta seg til general Redvers Henry Buller sin hær som var på veg for å komma dei britiske styrkane i Ladysmith til unnsetning, og deretter innta Pretoria.
Denne gangen hadde Churchill ein beordring til The South African Light Horse Regiment, og fortsette samtidig som krigskorrespondent. Han deltok i slaget ved Spion Kop og var blant dei første britiske troppane som braut omleiringa av Ladysmith. Winston og fetteren hans Charles Spencer-Churchill rei i front og tok over ein fangeleir der 52 boarar overgav seg. Churchills to bøker om boarkrigen, London to Ladysmith via Pretoria og Ian Hamilton's March kom ut i mai og oktober 1900. Begge bøkene fekk gode kritikkar og selde godt.
Politisk karriere
Vel tilbake frå Sør-Afrika stilte Churchill igjen som parlamentskandidat for dei konservative i Oldham i valet år 1900. Han vann, men i staden for å delta i opninga av Parlamentet drog han ut på foredragsturné i Storbritannia og USA; noko han tente ti tusen pund på. På den tida var parlamentsmedlemmer ikkje betalte, og Churchill var ikkje ein rik mann. Medan han var i USA blei eit av foredraga introdusert av Mark Twain. Han åt middag med Theodore Roosevelt, men dei to fekk ingen nærare kontakt.
I februar 1901 kom Churchill tilbake til Storbritannia for å delta i Parlamentet og blei del av ei gruppe dissidentar leia av Hugh Cecil, omtalt som «hooligans». Churchill fekk merksemd ved å imøtegå regjeringsforslaget om løyvingar til hæren der han argumenterte mot unødvendig bruk av pengar på forsvaret. I 1903 fjerna han seg frå gruppa til Cecil, og var samtidig skeptisk til dei liberale leiaren i unionistane Joseph Chamberlain som var for ein proteksjonistisk politikk. Då dei liberale var i koalisjon med dei konservative blei resultatet at hans eigne distanserte seg frå han: konservative forlét salen når han talte. Valkrinsen hans Oldham tok avstand frå han, men han fortsette å representera han fram til neste val.
I 1904 hadde Churchill si misnøye med dei konservative og draging hans mot dei liberale blitt så sterk at han bytta parti og gjekk over til dei. Som medlem av det liberale partiet fortsette han å kjempa for frihandel. Ved valet i 1906 stilte han for valkrinsen Manchester North West, og vann ein plass. Frå 1906 til 1922 var han medlem av Underhuset vald for Det liberale partiet.
Frå 1903 til 1905 var Churchill òg engasjert med å skriva ein biografi over faren sin i to bind, Lord Randolph Churchill. Boka kom ut i 1906 og fekk strålande meldingar.
I regjering
mini|Karikatur av Churchill som marineminister
I desember 1905 tok dei liberale under Henry Campbell-Bannerman over regjeringsmakta, og Churchill kom inn i regjeringa som viseminister for koloniane (Under-Secretary of State for the Colonies). Av det Churchill arbeidet med var forfatningar for boarrepublikkane og spørsmålet om bruk av kinesarar i den sørafrikanske gruveindustriet. Churchill blei òg ein leiande talsmann for frihandel, og han blei raskt den leiande medlemmen i regjeringa utanfor kabinettet. Då statsminister Campbell-Bannerman blei avløyst av Herbert Asquith var det inga overrasking at Churchill gjekk inn i kabinettet som leiar av «Board of Trade» (handels- og industridepartementet). På den tida var det eit krav at ein nyutnevnt kabinettminister måtte søka attval ved eit mellomval. Churchill tapte plassen sin for Manchester til ein konservativ representant, men blei kort tid etter vald inn i eit anna mellomval for Dundee. Som leiar for Board of Trade gjekk Churchill, saman med finansministeren David Lloyd George, inn for radikale sosiale reformer.
thumb|left|Churchill ved omleiringa i Sidney Street, 3. januar 1911
I 1910 blei Churchill forfremma til innanriksminister (Home Secretary), der han blei kontroversiell ved den aktive deltakinga si i Sidney Street-omleiringa. Eit berømt fotografi viser ein ivrig Churchill som personleg tar kommando over ei gruppe soldatar. I kampens heite tok bygningen der anarkistane hadde forskansa seg fyr, og Churchill nekta brannvesenet tilgang: anarkistane måtte overgje seg eller døy. Mange var kritiske til Churchill si rolle, mellom anna Arthur Balfour som sa:
Churchill og ein fotograf risikerte begge verdifulle liv. Eg forstår kva fotografen gjorde der, men kva hadde den æra parlamentsmedlemmen der å gjera?
I 1910 var Churchill òg involvert i Tonypandyopptøyane i Wales. Churchill heldt først tilbake bruken av troppar ettersom han frykta ei gjentaking av «Bloody Sunday» i 1887 på Trafalgar Square. På trass av det blei troppar etter kvart utplasserte for å verna gruva opptøyane dreidde seg om, og som ei sikring då tretten streikande blei stilte for retten. Dette braut med tradisjonen om å ikkje bruka militære styrkar i slike sivile konfliktar og gjorde Churchill upopulær i Wales.
mini|portrett|Churchill med bataljonen sin på vestfronten
I 1911 blei Churchill marineminister og engasjerte seg ivrig i utvikling og reform; mellom anna bruk av fly, utvikling av stridsvogner og overgang frå bruk av kol som drivstoff til olje. Utviklinga av stridsvogner skulle visa seg å vera ein genistrek, men i utviklingsperioden blei ho av nokre sett som misbruk av midla til staten.