Are You Passionate? er det 28. albumet av Neil Young, spelt inn med Booker T. & the M.G.'s og Crazy Horse, og gjeve ut 9. april 2002. Young spelar her mellom anna soul, noko han aldri hadde gjort tidlegare. Det er enkelte unntak, som rockelåten «Goin' Home», som vart spelt inn med Crazy Horse og «Let's Roll», som er eit svar til terroråtaka 11. september 2001. Albumet sluttar med «She's a Healer», ein lengre jam.

Songen «Gateway of love» er oppført på baksida av omslaget, men er ikkje med på albumet. Songen har så langt ikkje kome ut andre stader, men vart spelt på konsertar i lag med Crazy Horse på 28 av 29 konsertar på turneen deira i Europa i 2001.All known performances av songen Gateway of love on www.sugarmtn.org. Henta 2017-10-15. - the song hasn't been played after 2001.

Tittelen på albumet er ein referanse til The Jimi Hendrix Experience sitt Are You Experienced? frå 1967.

Innhald

Medverkande Neil Young - vokal, gitar og piano Booker T. Jones - orgel, vibrafon og vokal Duck Dunn - bass, vokal på «Differently» Steve Potts - trommer, bongotrommer og tamburin Frank «Poncho» Sampedro - gitar og vokal Tom Bray - trompet Pegi Young - vokal Astrid Young - vokal

Bortsett frå «Goin' Home» (Neil Young & Crazy Horse): Neil Young - vokal og gitar Frank «Poncho» Sampedro - gitar og vokal Billy Talbot: bass Ralph Molina: trommer og vokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Are You Passionate?» frå , den 31. oktober 2001. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2002 Kategori:Neil Young-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Donald «Duck» Dunn Kategori:Album produserte av Frank Sampedro Kategori:Album produserte av Booker T. Jones Kategori:Kanadiske soulalbum