Fork in the Road er det 33. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 7. april 2009 på Reprise Records. Albumet kom ut på vinyl 26. juli 2009.

Albumet var inspirert av Young sin Lincoln Continental som han hadde bygd om til å gå på biodiesel og bakgrunnen til Young i Lincvolt-prosjektet han arbeidde på i lag med mekanikaren Jonathan Goodwin. Prosjektet gjekk ut på å utvikle eit levedyktig elektrisk motorsystem for bilar. Young sin Lincoln Continental frå 1959 var prototypen deira. Ein dokumentarfilm produsert av Larry Johnson følgde den første lengre turen til denne elektriske bilen på veg til Washington, DC.

I november 2010 starta bilen ein brann som førte til skadar på over ein million dollar på eit varehus og eigedelar som Young hadde lagra der. Young skulda på menneskeleg svikt og sa at han og teamet hans ønsket å byggje opp att bilen.

Young vart nominert til Grammy-prisen for beste rockesong for soloartistar for «Fork in the Road» i 2010.

Albumet nådde 19. plass i USA, 22. plass i Storbritannia, og i Noreg gjekk det heilt til topps på VG-lista, som einaste land i verda.

Innhald

Medverkande Produsert av «The Volume Dealers» (Neil Young og Niko Bolas) Innspelt og miksa av Niko Bolas Neil Young – elektrisk og akustisk gitar, vokal Ben Keith – lapsteelgitar, elektrisk gitar, Hammond B-3 orgel, vokal Anthony Crawford – elektrisk og akustisk gitar, piano, Hammond B-3 orgel, vokal Pegi Young – vibrafon, akustisk gitar, vokal Rick Rosas – bass Chad Cromwell – trommer Larry Cragg – gitarteknikar Don McAulay – trommeteknikar Craig Roberts – gitarteknikar

Salslister Liste (2009)PlasseringDen austerrikske albumlista45Den belgiske albumlista (Flandern)13Den franske albumlista31Den finske albumlista18Den danske albumlista15Den nederlandske albumlista23Den tyske albumlista17Den irske albumlista18Den newzealandske albumlista38Den norske VG-lista1Den spanske albumlista48Den italienske albumlista36Den svenske albumlista11Den sveitsiske albumlista65US Billboard 20019UK Albums Chart22

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fork in the Road» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Video for «Fork in the Road» på NeilYoung.com

Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Neil Young-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Niko Bolas