Yalu (kinesisk skrift 鸭绿江, pinyin Yālǜjiāng) eller koreansk Amnokgang eller Amnok, er ei grenseelv mellom Folkerepublikken Kina og Nord-Korea.
Ho spring ut 2500 meter over havet ved Paektufjellet i Changbaifjella og renn etter 790 kilometer ut i Gulehavet mellom den kinesiske byen Dandong og den koreanske byen Sinŭiju. Dei viktigaste sideelvane er Changjin-gong, Hŏch'ŏn-gong og Tongro-Gong. Nedslagsfeltet til elva er på 31 739 km².
I Sakchu noko ovanfor Sinŭiju, er det på koreansk side vorte bygd éit av dei største vasskraftverka i Asia, Supung-demninga, 100 meter høg og over 850 meter lang.
Den einaste brua som ikkje vart øydelagt under Koreakrigen kryssar mellom Sinŭiju og Dandong og blir i dag kalla Den kinesisk-koreanske venskapsbrua.
Sjå òg Liste over elver i Korea
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yalu» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene: Atlas of Korea, Sung Ji Mun Hwa Co. Ltd, Gyeonggi, 2008 ISBN 978-89-390-0060-5, 93980
Kategori:Elvar i Kina Kategori:Elvar i Nord-Korea