mini|Steinkrossane i Eivindvik er avbilda i Gulen kommune sitt kommunevåpen. Steinkrossane i Eivindvik er to krossar av stein som står i Eivindvik i Gulen kommune. Dei to krossane er begge mellom 2,5 og tre meter høge. I fylgje ei segn og lokale vitne skal det også ha stått ein tredje kross i området.På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn Side 67. Den tredje krossen vart flytta frå Flolidstranda saman med kyrkja. Han hadde ein arm, historien seier at han mista eine armen når han vart flytta, med kyrkja frå Flolidstranda, etter reformasjonen ein gong.

Den 27. april 2012 knekte den over tusen år gamle steinkrossen ved Gulen kyrkje ved eit uhell. Uhellet skjedde ved felling av eit tre i nærleiken av kyrkja.BT, 27.04.12: 1000 år gammelt kors brakk rett av

Olavskrossen

mini|Steinkrossen ved Gulen kyrkje Den eine krossen står ved kyrkjegardsmuren ved Gulen kyrkje. Denne krossen er ein keltisk kross som er 285 cm høg. Han har runde armholer og rette armar.Tolv vintrer hadde kristendommen vært i Norge. Side 55. I fylgje ei segn skal denne krossen ha blitt reist av Olav den heilage i 1023. Segna seier også at det skal ha vore ei såkalla Olavskjelde, altså eit oppkome av vatn som skal ha fått helande kraft etter at Olav hadde vore i kontakt med det, knytt til krossen. Tidlegare stod det eit kar av kleberstein ved krossen. Dette karet er no flytta inn i kyrkja og vert brukt som døypefont.

Biskop Fridtjov Birkeli skreiv ei bok om norske steinkrossar, og omtalte der denne krossen som ein kross av «norsk-keltisk» type. Han meinte at «Korset er så forsegjort at en prest fra «keltisk» område må ha forestått utførelsen av det.» Han seier også at krossen i fylgje ein tradisjon opphavleg skal ha stått nede ved sjøen, og at dette saman med karet som i dag er døypefont, tyder på at det har funne stad massedåp nede ved sjøen. Dåp i tidleg kristentid: Heilt til 1200- talet vart heile kroppen dukka ned i vatn. Dei måtte ha store kar.

Krossen i Krossteigen mini|Steinkrossen på Krossteigen. Nokon hundre meter frå kyrkja, på ein plass som kallast Krossteigen, står ein kross som er 265 cm høg. Dette er ein kross som Birkeli kategoriserer som «norsk-anglisk» type. Han seier også at denne krossen har eit klart framand preg og har preg av ein dyktig steinhoggar. Krossen er plassert slik at sola kan skine på han kvar dag heile året. Når sola snur ved vintersolkverv, står steinen slik at sola akkurat lysar opp heile krossen. Birkeli hevdar at krossen er forma som det mest «angliske korset» vi har i landet, og skildrar det med elegante buer mellom armane.

Kjelder Aaraas,Margrethe Henden; Djupedal, Torkjell; Vengen, Sigurd; Forsund, Finn Borgen, På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn, Selja Forlag, Førde, 2000. ISBN 82-91722-14-5 Birkeli, Fridtjov , Tolv vintrer hadde kristendommen vært i Norge, Verbum forlag, 1995. ISBN 82-543-0692-3.

Referansar

Bakgrunnsstoff Steinkrossane i Eivindvik - NRK Sogn og Fjordanes fylkesleksikon

Kategori:Historie i Gulen Kategori:Einskilde krossar og krusifiks Kategori:Krossar i Noreg Kategori:Kulturminne i Gulen