mini|Gulen sjukeheim mini|Omsorgsenteret på Dalsøyra Gulen sjukeheim er ein kommunal sjukeheim i Eivindvik i Gulen kommune. Sjukeheimen gjev døgnkontinuerleg pleie- og omsorg til pasientar som treng dette frå heile Gulen.
Sjukeheimen har 28 plassar fordelt på tre avdelingar, ei langtidsavdeling, ei rehabiliterings- og korttidsavdeling og ei skjerma avdeling for pasientar med demens.
I tillegg til sjukeheimen har Gulen fire bu- og omsorgssenter, eit i Eivindvik, eit i Brekke, eit på Byrknes og eit på Dalsøyra, og heimetenester tilknytt desse.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Om Gulen sjukeheim på nettstaden til Gulen kommune
Kategori:Byggverk i Gulen Kategori:Sjukeheimar