The Graduate er eit album med songar frå filmmusikken til Mike Nichols-filmen The Graduate med mange songar frå folkrockduoen Simon & Garfunkel. Det kom ut 21. januar 1968 og var produsert av Teo Macero.

Albumet inneheld to versjonar av den kjende «Mrs. Robinson». Ingen av desse er den fulle versjonen som finst på Bookends. Den første er ein instrumental medan den andre er ei kortare utgåve. Songen «The Sound of Silence» vert nytta tre gonger i filmen.

Albumet gjekk heilt til topps på den amerikanske albumlista.

Innhald

Medverkande Paul Simon - solovokal, gitar Art Garfunkel - solovokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Graduate (soundtrack)» frå , den 4. november 2010.

Kategori:Filmmusikk Kategori:Simon & Garfunkel-album Kategori:Musikkalbum frå 1968