«Cecilia» er ein song skriven av Paul Simon og framført av Simon & Garfunkel for Bridge Over Troubled Water frå 1970. Songen vart òg gjeven ut som singel og denne nådde fjerdeplassen i USA. Singelen gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia, trass i at han var oppfølgjaren til den store hitten «Bridge over Troubled Water».
Cecilia frå tittelen vert generelt tolka til å vere ein lunefull kjæraste, som skapar både smerte og glede hos songaren. Ei anna tolkingCecilia will put song in your heart, Ideally Speaking (Jerry Johnston), Deseret News, 14 november 2009, s. E1. er at Cecilia kan vise til St. Cecilia, ein vernehelgen for musikk i den katolske kyrkja, og at songen kan referere til frustrasjonen kring mangelen på inspirasjon til å skrive songar. St. Cecilia er nemnd i ein annan Paul Simon-song, «The Coast» frå The Rhythm of the Saints i 1990: «A family of musicians took shelter for the night in the little harbor church of St. Cecilia.»
Salslister Vekeslister Liste (1970)PlasseringCanada Top Singles (RPM)2Spain (PROMUSICAE) 2US Billboard Easy Listening31US Cash Box Top 1001Zimbabwe Singles (ZIMA)* Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 200019
Årslister Liste (1970)PlasseringAustralia (Kent Music Report)David Kent's «Australian Chart Book 1970-1992» 41Canada Top Singles (RPM)37US Billboard Hot 100 «Top 100 Hits of 1970/Top 100 Songs of 1970», musicoutfitters.com (retrieved 12. juni 2016).49US Cash Box 51
Salstrofé
Andre versjonar Den fransktalande amerikanske musikaren Joe Dassin song ein fransk versjon av songen i 1970. Andre versjonar er gjort av Times Two i 1988 og Suggs i 1995. Sistnemnde vart populær i Storbritannia og nådde heilt opp til fjerdeplass med over ein halv million selde singlar.Suggs interview at Question of Pop, BBC
Dei første taktane av songen er sampla fleire gonger i songen «Midlife Crisis» av Faith No More frå Angel Dust. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 10. plass i Storbritannia i 1992.
I 1998 gav det svenske popbandet Ace of Base ut ein Europop-song kalla «Cecilia» frå albumet Flowers, som held fram historia om karakteren til Paul Simon.
I den siste episoden av The Sopranos nyttar Paulie Walnuts ein teknoversjon av songen som ringetone på mobilen sin.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cecilia (song)» frå , den 4. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Simon & Garfunkel-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar skrivne av Paul Simon Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Songar produserte av Roy Halee Kategori:Songar produserte av Paul Simon Kategori:Songar produserte av Art Garfunkel Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Warner Music Group-singlar Kategori:Joe Dassin-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i New Zealand Kategori:James Last-songar Kategori:Herbie Mann-songar Kategori:Brødrene Olsen-songar Kategori:Stan Getz-songar