Ivar Krohn Gunvald Kleiva () var ein lærar, forfattar og lokalhistorikar frå Eidsdal på Sunnmøre, busett på Dalsøyra i Gulen kommune.

Kleiva avla lærareksamen i 1926 og arbeida som lærar i Torsken frå 1927 til 1940. I løpet av denne perioden tok han også ex.phil. ved Universitetet i Oslo, latinkurs, kurs i revisjon og bokholderi, snikkarkurs ved Statens husflidskole, Blaker, og kurs i fagteikning for snikkarar. I krigsåra var han lærar i Haram, før han kom til Gulen i 1946. Deretter var han rektor ved Dalsøyra skule fram til pensjonsalder i 1970.

Kleiva sat i Gulen kommunestyre for Arbeiderpartiet i 25 år, ei rekke av desse åra som formannskapsmedlem. Han var også kommunerevisor, medlem av skulestyret og leiar av Gula lærarlag, Gulen Arbeiderparti, Gulen Mållag og ungdomslaget «Fridom». Dessutan var han i 20 år dirigent for songkor, mellom andre Dalsøyra songkor.

For si samfunnsnyttige teneste vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv. I 1954 mottok han litteraturprisen Melsom-prisen til fremje av nynorsk.

Ivar Kleiva er far til biletkunstnaren Per Kleiva, som har illustrert to av faren sine bøker.

Bibliografi Bøker

I tillegg har han skrive kulturhistoria for Norddal kommune (Norddal bygdebøker III og IV)Kleiva, Ivar (1975): Grunn og gror. Norddal Bygdebøker. Band III. Kultursoge. Norddal kommune.

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Om Ivar Kleiva i Allkunne

Gulen i gammal og ny tid Bakke, Karl (1952) Norske skolefolk, bind 2, Dreyer forlag, Stavanger Nekrolog, Aftenposten 15. mai 1998

Bakgrunnsstoff Om Ivar Kleiva i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Norddal Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Norske folkeminnesamlarar Kategori:Folk frå Gulen Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Forfattarar frå Gulen Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Målfolk Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv