Losnedal eller Losnedalen er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Garden har matrikkelnummer 63 i Solund. Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune og der hadde Losnedal matrikkelnummer 2.
Geografi Losnedal ligg i ein ca. to kilometer lang trong dal som går nordover frå sørkysten av Losna. Det er to bruk på garden, Nedre Losnedalen ligg nær sjøen, medan Øvre Losnedalen ligg 600-700 meter oppe i dalen.
Historie Losnedal har truleg vore busett sidan langt attende i tid, det syner jordfunna som er gjorde. I 1942 vart det funne to flintdolkar på bruk ein, og i 1843 fann ein ein bronsegjenstand i ei tuft på same bruket. I matrikkelen frå 1667 var skulda til garden ½ laup smør og skatten i pengar 1¼ riksdalar. Det var ti naut på garden og utsåd var to tønner havre medan avlinga var sju tønner. Det var då to brukarar på garden. I 1723 var det berre ein brukar og matrikkelskulda var auka med fire merker smør frå 1 pund 18 merker smør. Utsåd var 1½ tønne havre og avling var sju tønner og ei skjeppe. Av buskap var det ein hest, ni naut og åtte sauer og geiter.
Losnedal fekk elektrisk straum innlagt i 1958. Garden har ikkje vegsamband. Bruka er nedlagde, bruk ein har vore det sidan 1981 og bruk to sidan 1983.
Namn Frå først var namnet truleg berre «Dalen». I 1667 vart namnet skrive «Dallen», i 1723 «Losnedal».
Statens kartverk har godkjend skrivemåtane «Øvre Losnedalen» (1975) og «Losnedalen, øvre» (1986), og «Nedre Losnedalen» (1975) og «Losnedalen, nedre» (1986).
Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn vert det skrive «Losnedal».
Gardsnamet er ikkje kjend frå andre stader i landet.
Kjelder
Vidare lesnad Ivar Kleiva: «Gnr. 2. Losnedal» i Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I, side 25-30.
Bakgrunnsstoff «Losnedalen» i gardsmartikkelen frå 1886 «Losnedal» i matrikkelutkastet av 1950 Om Losnedal i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv
Kategori:Gardar i Solund Kategori:Tidlegare gardar i Gulen