Grima naturreservat er eit naturreservat i Gulen kommune i Vestland. Det ligg på den store øya Grima rett nord for Byrknesøya. Føremålet med fredinga er å bevara kystmyrområde i øygarden i Sognesjøen. Arealet er på 1483 dekar og utgjer om lag 1/4 av det samla arealet av dei seks naturreservata i Gulen når ein ser bort frå Vassøyane naturreservat.
Myrressursane her og på austre Sløvåg blir kategorisert som svært viktige.Biologisk mangfald i Gulen kommune – kartlegging for Gulen kommune, oktober 2005, side 21.
Regjeringa la 18. juni 2004 fram ein eigen verneplan for myr i Sogn og Fjordane.Verneplan for myr i Sogn og Fjordane fylke – Miljøverndepartementet 18. juni 2004., der 20 myrområde i fylket blei verna. Grima er eit av dei større områda målt i areal. Bakgrunnen var Stortingsmelding nr 68 (1980–81) Vern av norsk natur som fastslo målet om å verne eit representativt naturutval i Noreg. Verneområda i fylket blei registrert i perioden 1971–1985 av botanikarar ved Vitskapsmuseet i Trondheim. Det var og synfaringar i 1999 og 2000 utført av Fylkesmannens miljøvernavdeling, og Direktoratet for naturforvalting anbefalte vern i januar 2004.Verneplan for myr i Sogn og Fjordane fylke - Miljøverndepartementet 18. juni 2004, side 4.
Reglar for reservatet Det må ikkje settast i verk tiltak som kan skade eller forstyrre naturmiljøet. Vegetasjonen er freda mot skade og øydelegging. For dyrelivet gjeld Viltlova og forskriftene tilknytt denne. Nye dyrearter må ikkje bli innført. Motorisert ferdsel, camping, riding med meire er forbode.
Referansar
Bakgrunnsstoff Forskrift om verneområdet - Lovdata. Beskrivelse av naturreservatet - Miljøstatus. Besøkt 9. november 2010.
Kategori:Naturreservat i Gulen Kategori:Verneområde oppretta i 2004