Taklevatnet er ein innsjø i Gulen kommune i Vestland. Den ligg på 291,5 moh.Norgesglasset , Statens kartverk Vatnet har eit areal på og drenerer eit nedbørfelt på .NVE Atlas , Norges vassdrags- og energidirektorat Taklevatnet er regulert og er hovudmagasin for Takle kraftverk. Høgaste regulerte vasstand er , og lågaste regulerte vasstand er . Magasinvolumet er 3,5 millionar m³.
Vatnet er blant dei største innsjøane i Gulen kommune. Det er omgjeve av bjørkeskog og lynghei. Dei grunnaste partia ligg i sørenden, og her fanst dei beste fiskeplassane i tida før vatnet vart regulert i 1942. Før utbygginga hadde vatnet òg ei strandsone med grus og sand, men denne er vorte vaska bort etter at vatnet har vore regulert i så lang tid.Vassdragsrapport, Takle, Midt-Takleelva og Brekkeelva, Samla plan for vassdrag, Miljøverndepartementet 1990, ISBN 82-7243-790-2
Fiske Før Takle kraftverk vart bygd i 1942 hadde Taklevatnet eit godt aurefiske, men etter reguleringa har fisket gått gradvis tilbake. Det siste året det vart rapportert fiskefangst var i 1985, og i 1990 vart vatnet rekna for fisketomt. Ei viktig årsak er at reguleringa har hindra fisken i å kome seg fram til gytebekkane. I tillegg til effekten av reguleringa meiner ein òg at sur nedbør har bidrege til at aurebestanden er borte.
I seinare år har det vore sett ut fisk i vatnet, men enno i 2004 var tettleiken av aure relativt låg.Fisk i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane. Sluttrapport 2001-2004, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 2006, ISBN 82-91031-89-4
Kjelder
Kategori:Innsjøar i Gulen