mini|Lussekattar pynta med perlesukker. Lussekatt er eit gulfarga bakverk som er knytt til advent, luciadagen og jul. Dei er ein type gjærbakst med kveitemjøl som ofte vert farge- og smaksette med safran. Ofte vert lussekattar forma som ein S og pynta med rosiner og perlesukker. Ein kan også baka to S-ar saman side om side eller i kross. Skikken med å bake lussekattar oppstod i Sverige, der dei har ein sterk tradisjon for å feire luciadagen. Han har sidan vandra inn til Noreg.

Andre namn på bakverket er lussebulle, lussekuse, saffransbulle, saffranskuse, julkuse og tidlegare også dövelskatt eller dyvelkatt. Bakverket stammar truleg frå Nederlanda og Nord-Tyskland, der det finst eit søtt julebrød av kveite som heiter duivekater. Dette vart truleg eksportert til Göteborg på 1600-talet. Ifølgje Nordiska museet vart dette namnet truleg forsvenska til dyvelskatter og djävulskatter. Etterkvart som dei vart knytte til luciadagen fekk dei så namnet lussekattar. Det vart vanleg å nytta safran i deigen seint på 1800-talet. I Göteborg har det likevel vore vanleg å laga dei utan safran.

Galleri

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Lussekatt» frå , den 9. november 2023.

Bakgrunnsstoff

Oppskrift på Lussekattar frå wikibooks (svensk). Svensk wikipedia om lussekatt

Kategori:Julemat Kategori:Gjærbakst Kategori:Svenske ord og uttrykk Kategori:Svensk mat