mini|upright|Norsk kort med julehelsinger. Etter eit måleri av Adolph Tidemand frå 1846. Julekort er kort med illustrasjon og julehelsinger som ein sender ut til slekt og vener. Dei kan vere enkle eller doble, og dei kan sendast med eller utan konvolutt. Både heimelaga kort og ferdig trykte kort med julemotiv er vanleg. Ofte sendast dei med posten, men dei seinare åra har også elektroniske julekort kome i bruk. Ifylgje tal frå posten sender kvar av dei norske husstandane i snitt 8-10 julekort i året.
Historikk Skikken med julekort skal ha starta med julekortet teikna av den britiske kunstnaren John Calcott Horsley (1817–1903) og vart utgjeve i England i 1843. Det framstilte ein familie som sat samla kring julebordet og heva dei fylte glasa sine samstundes som dei ønskte mottakaren av kortet ein gledeleg jul.
Så vidt vi veit, kom dei fyrste norske julekorta i 1883. Det aller fyrste norske ein kjenner til er frå 1870.Olav Bø, side 56 Rundt 1900 var skikken nokså utbreidd også i Noreg.
Elektroniske julekort Elektroniske julekort er julehelsinger sende ut ved hjelp av ein mobiltelefon eller over Internett. Etterkvart som internett har vorte vanleg i heimane, har skikken med elektroniske julekort gripe om seg.
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff Posten om julepost, 2009 Ei samling julekort frå 1904-1908 Arkivnett Oppland om julekort
Kort Kategori:Postkort