Slaget ved Restigouche var eit sjøslag som vart utkjempa under den franske og indianske krigen på Restigouche River mellom britiske Royal Navy og ein liten flotilje av franske marinefartøy. Dei franske fartøya vart sende for å støtte Ny-Frankrike etter at Quebec fall. Forsyningar var særs viktige fordi Frankrike styrte koloniane sine slik at dei var heilt avhengige av produkt og varer heimlandet. Tapet i slaget ved Restigouche gjorde at forsyningane ikkje kom fram til soldatane og markerte slutten på det franske forsøket på å halde på koloniane sine i Nord-Amerika.
Sjå òg Slaget ved Sainte-Foy
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Battle of Restigouche» frå , den 12. november 2010. oppgav desse kjeldene: Parks Canada, Battle of the Restigouche National Historic Site brochure, 2003.
Kategori:Slag i den franske og indianske krigen Kategori:Sjøslag i sjuårskrigen Kategori:Konfliktar i Canada Kategori:Britiske sjøslag Kategori:Franske sjøslag Kategori:Konfliktar i 1760