mini|Eidsbotten ved Eide mini|Eide mini|Fjorden ved Eide Eide er ein stad som ligg ved botnen av Eidsfjorden langs vegen til Halsvik i Gulen kommune i Vestland.
Namnet Namnet blir uttalt ei'e, men har vorte skrive Æidi, Ede, Eide i 1563, 1610, 1667 og 1723. Det kjem av Eid, eit i dativform og viser til eidet mellom Eidsfjorden og Fensfjord.
Historie Det blei funne ei tverregga steinøks på Eide i 1912 i Langevatnet. Ei krossforma klubbe av klorittskifer blei funne i 1955 i eit sandtak 10-15 m over havet.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid,bind 2 side 284
Matrikkelen frå 1723 viser at garden da hadde fem brukarar, men ingen husmenn. Garden hadde ikkje seter, men 2 årgangskverner, brennved nok og litt furuskog. Den låg ved sjøen litt under 7 mil frå Bergen.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid,bind 2 side 284
Posttrafikk I 1785 blei det opna ei postrute frå Bergen via Molde til Trondheim. Ruta gjekk over Lindås, i båt over Fensfjorden til Postvågen ved Halsvik, gjennom Gulen til Rutledal og så vidare over Sognefjorden til Lavik. Det første postopneriet i Gulen blei opna på Eide i 1787.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285
Posten gjekk på landjorda til hest, og det måtte derfor byggast rideveger. Dei fyrste vegane i Gulen gjekk frå Postvågen over Eide til Glenja, og frå Haveland til Rutledal.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285 Vegane blei bygde omkring 1790.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285 Eide hadde poststasjon inntil Fylkesbaatane tok på seg å sende post gjennom Gulen.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285
Brukarar I Jordebok for Bergen kongsgård blir det nemnt to brukarar på Eide i 1519.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 285 Etterkvart blei det skilt ut fleire bruk. Den eine delen av bruk fire fekk namnet Ekrene, den andre Solbakken. Bruk fem fekk namnet Nesheim og bruk seks Londaltun. I alt var der 38 bruksnummer.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 304
Det kan ha vore husmenn på Eide frå rundt 1600, men ein veit det sikkert frå 1645.Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tidbind 2 side 304
Referansar
Litteratur Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996
Kategori:Busetnader i Gulen