Fjellet er ei lita bygd som ligg mellom Hjelmelandsvågen og Vormedalen i Hjelmeland kommune. Namnet kjem av at bygda ligg i ein høgtliggjande lang dal omkrinsa av fjell. Per 1. januar 2010 var folketalet i bygda 55. Fylkesveg 660 går gjennom bygda.
Sysselsetjing Dei fleste som bur i bygda er eller har vore involverte i landbruk, men dei fleste har også måtta finna seg levebrød innanfor servicenæringane.
Skule Bygda hadde eigen skule til og med skuleåret 1954/1955, og skulehuset fungerte deretter som bedehus, fram til det vart rive på midten av 1990-talet. Skuleborna på Fjellet har sidan 1955 sokna til skulen i Hjelmeland sentrum.
Gardar Heggland, Hetland, Jørmeland, Bjelland og Breiland er gardane som høyrer til bygda.
Folketalsutvikling År Folketal 2001 50 2002 53 2003 52 2004 48 2005 51 2006 50 2007 47 2008 48 2009 53 2010 55 2011 55
Kategori:Busetnader i Hjelmeland