Bremen-Verden, formelt Hertugdømet Bremen og fyrstedømet Verden (tysk Herzogtum Bremen und Fürstentum Verden), var to område og len i Det tysk-romerske riket, som vart slått saman og fekk riksumiddelbarheit i 1180. Etter den originale grunnlova deira var dei fyrstbiskopar av erkebispedømet Bremen og bispedømet Verden.
I 1658 vart begge fyrstbispedøma sekularisert, som gjorde at dei vart om gjort til arvelege monarki i grunnlova og frå då vart alltid hertugdømet Bremen og fyrstedømet Verden styrt som ein personalunion, først av dei svenske kongehusa, Huset Vasa og Huset Pfalz-Zweibrücken og seinare av Huset Hannover.
Då Det tysk-romerske riket vart oppløyst i 1806, vart Bremen-Verden formelt suverene statar. Dei vart styrt i personalunion med herskarar frå nabostaten Kongedømet Hannover, men vart etter lova ein realunion med Hannover i 1823.
Sjå òg Stand Svensk Pommern Wismar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bremen-Verden» frå , den 16. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kart over Niedersachsen i 1789
Kategori:Svenske territorium Kategori:Historia til Bremen Kategori:Historia til Niedersachsen