Fantasy InLaiv vart danna i år 2001, og går under tilnamnet "Laivforeningen fra Mørkeste Oslo". Foreininga vart fyrst danna med hovudfokus på å rekruttere nye laivarar i Oslo/Akershus, men tok til å arrangere Laiv, også kalla levande rollespel.
November 2003 heldt dei sin fyrste laiv, "Det Siste Gildet". "Det Siste Gildet" var ein mini-laiv sett til deira sjølvkomponerte fantasy-verd, Stulaaria. I juli 2005 heldt dei sin første storlaiv, "Stulaaria 1 - Bryllupet", som igjen vart det fyrste kapittelet i ei soge delt opp i tre storlaivar i gruppa sin regi.
Foreininga har også arrangert årlege mini-laivar; "Fantasy Inlaivs julebordlaiv". Under denne tittelen laga dei sitt eige såpeoperaunivers i laiven "Kanapé, Arsenikk og Begjær". Dette universet vart brukt i spelet "Eksperimentet" året etter. I 2007 heldt foreininga julebordslaiven "Fabler, Frender og Fiender", ei hyllest til Bill Willinghams teikneseriehefte Fables. Dei har også spela i ei verd med superheltar i laiven "S.O.S. - En super samling helter" i 2008.
I september 2006 vart Fantasy InLaiv registrert i Brønnøysundregistra med organisasjonsnummer 890 315 852, og dei registrerte www.fantasyinlaiv.no.
Fantasy InLaiv vart etter dette primært ei arrangørforeining.
Levande Rollespel haldne av Fantasy Inlaiv
Det Siste Gildet (nov. 2003) Stulaaria 1 - Bryllupet (juli 2005) Kanapé, Arsenikk og Begjær (julebordslaiven 2005) Eksperimentet (julebordslaiven 2006) Stulaaria 2: Lysets Barn (juli 2007) Fabler, Frender og Fiender (julebordslaiven 2007) S.O.S. - En super samling helter (julebordslaiven 2008) Stulaaria 3: Gudenes sirkel (juli 2010) Kanapé, Arsenikk og Begjær 2 - Nye tider (julebordslaiven 2010)
Fantasy Inlaiv sitt styre
Foreininga sine styremedlemmar er alle ansvarlege arrangørar av foreininga sine levande rollespel.
Leiar Rolf Tommy Næss, Grunnleggar og hovudaktøren bak Stulaaria-verda. Økonomiansvarleg Martin Eckhoff Andresen, Vart med i 2003 og er foreininga sitt drivjern når det kjem til det organisatoriske. Praktisk ansvarleg Ann-Kristin Sigde, Vart med i 2003 og er ansvarleg for laivane måltida og liknande på laivane.
Bakgrunnsstoff
Fantasy InLaiv - Laivforeningen fra mørkeste Oslo
Kategori:Norske kulturorganisasjonar Kategori:Skipingar i 2001