Armensk er eit språk i den indoeuropeiske språkfamilien. Det blir tala av armenarar i fleire land, og er offisielt språk i Armenia. Det blir tala av rundt 3,5 millionar menneske i Armenia og i spreidde koloniar i Kaukasia og Midtausten.
Armensk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Moderne armensk fell i to hovuddialekter: austarmensk i Armenia og vestarmensk i Tyrkia, der det for det meste er vorte utrydda, og i emigrantkoloniar i Midtausten.
mini|venstre|Hayeren, 'armensk', skrive med armensk skrift. Armensk har sitt eige skriftspråk som blei utvikla på 400-talet. Det armenske alfabetet inneheld 8 vokalteikn og 30 konsonantteikn. Alfabetet blei ifølgje tradisjonen skapt på grunnlag av det greske alfabetet av biskop Mesrop (d. 440), som òg skal ha skapt det georgiske og alfabetet til dei kaukasiske albanarane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Armensk» frå , den 18. november 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Indoeuropeiske språk Kategori:Språk i Armenia Kategori:Språk i Irak Kategori:Språk i Iran Kategori:Språk i Israel Kategori:Språk i Jordan Kategori:Språk på Kypros Kategori:Språk i Libanon Kategori:Språk i Russland Kategori:Språk i Syria Kategori:Språk i Tyrkia Kategori:Einskildspråk