Eikrone eller eikroning er ein mynt som har vorte utmynta i Noreg sidan 1875.

Mynten har på adversen oftast hatt eit portrett av den regjerande monarken, men nokre utgåver har vore pryda med monogramet til kongen på adversen.

På reversen har mynten hatt verdinemning, det første året oppgitt som 30 Sk/1 krone. I tillegg har reversen vore pryda med riksvåpen eller ei kongekrine. Frå 1958 til 1973 hadde reversen bilete av ein hest. Frå 1997 er det prega mynt som på reversen har bilete av ein fugl som sit i eit rankeverk, ei fri attgiving av utskjeringane på portalen i Hylestad stavkyrkje.

Frå 1925 til 1951 vart koparnikkel- og nikkelmessing-mynten prega som særskiljemynt med hol midt i mynten. Også utgåva frå 1997 har hol.

+ Norsk eikronemynt Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar Oskar II sølv 7,50 g 6,00 1875-1904 Håkon VII sølv 7,50 g 6,00 1908-1917 Håkon VII koparnikkel 7,00 g 1925-51, 1951-57 Olav V koparnikkel 7,00 g 1958-1973 Per Palle Storm Olav V koparnikkel 7,00 g 1974-1991 Øivind Hansen Harald V koparnikkel 7,00 g 1992-1996 Ingrid Austlid Rise Harald V koparnikkel 4,35 g 1997- Ingrid Austlid Rise

Kjelder Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3

Bakgrunnsstoff myntar Olav V myntar Harald V 1-kronemynt

Kategori:Norske myntar Kategori:Skipingar i 1875