Sandnes er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 6.
Geografi Tunet på Sandnes ligg på midt på vestsida av Skifjorden sin nordarm. Utmarka strekkjer seg sørover og vestover rundt neset til grensa mot Bordvika, og nordover til kommunegrensa mot Fjaler kommune og til Seljevoll. Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden.
Historie Det har truleg vore gardsdrift på Sandnes sidan tidleg i mellomalderen, og garden var truleg odelsgods i gammal tid. I skattematrikkelen frå 1647 er garden lista som audegard. Frå 1618 til 1660-åra var Sandnes krongods. I 1660-åra kom han under Svanegodset og var det til ca. 1727. Så var garden eigd av ulike eigarar fram til brukarane vart sjølveigande i 1891 og 1908. I 1858 vart garden skilt i to bruk, før det hadde han vore einbølt. Det har ikkje vore husmannsplassar på Sandnes.
Namnet I kjeldene er namnet skrive «Sandness» (NRJ. II 140), «Sundenes» (1563), «Sanndness» (1567), «Sandnes» (1603, 1608 og 1667).
Sandnes er eit svært vanleg stadnamn, og det er brukt mange stader over heile landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Sandnes» i 1986.
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Vidare lesnad
Bakgrunnsstoff «Sandnes» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Sandnes» i matrikkelutkastet av 1950 «Sandnes» i gardsmatrikkelen for 1886 Per Bygnes: «Notastein frå Kleberskaret» på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv
Kategori:Gardar i Hyllestad