Krossli er ei lita bygd heilt sør i Tokke kommune i Telemark. Bygda ligg der Fv355 og Fv38 møtest, og der dei tre kommunane Tokke, Fyresdal og Kviteseid møtest. Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Austheii og Bandaksli i Tokke og Skredosen og Vråliosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar.
Kategori:Busetnader i Tokke