Rotsethorntunellen er ein tunell på riksveg 651 i Volda kommune i Møre og Romsdal. Tunellen går gjennom Rotsethornet mellom Volda og Løvikneset, på nordaustsida av Voldsfjorden. Tunellen avløyste i to etappar eit svært rasfarleg vegparti. Opphavleg gjekk Rotsethorntunellen til Greifsneset og var 2 176 meter lang. Han blei opna 19. juni 1999. 5. desember 2002 begynte arbeidet med å forlenge tunellen til Løvikneset. Tunellen er i dag 3 962 meter lang, og blei nyopna 28. mai 2004. Skulebussar fekk løyve til å køyre gjennom den nye, uferdige tunelldelen allereie frå januar 2004. Tunelldelen til Greifsneset er behalden, som ein arm av Rotsethorntunellen og riksveg 651.
Sjå også Vegtunnelar i Noreg
Kjelder
Bakgrunnsstoff Teknisk Ukeblad: Sikker mot ras (19. juli 2004) The World's Longest Tunnel Page
Kategori:Vegar i Volda Kategori:Tunnelar i Møre og Romsdal Kategori:Tunnelar opna i 1999 Kategori:Tunnelar opna i 2004