Runde fyr ligg på Runde i Herøy kommune på Sunnmøre. Det vart oppretta i privat eige som det femte fyret i Noreg etter Lindesnes fyr i 1767.

I 1807 tok staten over fyret, som vart automatisert i september 2002. Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) har etter dette fått i stand ein avtale med Kystverket, og har sidan juli 2003 nytta den nyaste fyrvaktarbustaden som turisthytte. Heile fyrstasjonen vart verna av riksantikvaren i 2001.

Fyrstasjonen ligg i nærleiken av Rundabranden som er det sørlegaste fuglefjellet i landet, og området ligg innanfor Runde naturreservat som er freda etter lov om naturvern.

Historie Då Runde fyr vart oppretta i 1767, var det fordi auka trafikk langs kysten førte til fleire ulukker, og ikkje minst rundt Runde var det farleg å ferdast. Mellom anna hadde det nederlandske handelsskipet Akerendam gått ned like ved Kvalneset, der fyret står no, i 1725. I starten var fyret mest som ei gryte som ein heldt fyr i, men i 1826, nokre år etter at staten tok over, vart det oppgradert til eit lukka kolblussfyr. Seinare, i 1858, vart det bygd eit støypejernstårn ytst ute på Kvalneset. Nedste del av dette tårnet er bevart, medan resten vart flytta til Sklinna fyrstasjon i Nord-Trøndelag.

I 1935 vart fyret vidare oppgradert til eit betongtårn som står lenger oppe i skråninga. Lykta i det nye tårnet vart tent 27. august same året. Fyret vart etterkvart meir og meir automatisert. I 2002 var det ikkje lenger naudsynt med menneskeleg overvaking, og den siste fyrvaktaren flytta ut. Fyret er freda av Riksantikvaren frå 2001.

I 2003 fekk Ålesund-Sunnmøre Turistforening ein avtale med Kystverket om å bruke den nyaste fyrvaktarbustaden som turisthytte.

Busetnad på fyrstasjonen Dei gamle fyra måtte overvakast nærast døgeret rundt, noko som medførte at fyrvaktaren måtte bu så nær som mogleg. Per 2005 består fyrstasjonen av 6 bygg; sjølve fyrbygningen, smie, 2 bustadshus, kombinert fjøs og låve, og olje- og vedbod. I desse husa helt tidvis svært mange til. Gjennom åra budde der fyrvaktarar, assistentar, koner, born, guvernanter, tenestefolk og husdyr. Guvernantene var der for å halde skule for borna.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell omtale av Runde fyr som freda fyrstasjon Ålesund-Sunnmøre Turistforening si side om fyret

Kategori:Fyr i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal Kategori:Kulturminne i Herøy i Møre og Romsdal