Bærfuglfamilien, vitskapleg namn Melanocharitidae, er ein liten biologisk familie av små sporvefuglar avgrensa til skogshabitat i Ny-Guinea. «Bærfugl» er òg fellesnemninga for dei seks artane i slekta Melanocharis. Dei fire resterande artane av Melanocharitidae har fellesnemninga «bogenebb» og er medlemmer i slektene Toxorhamphus og Oedistoma.

I tillegg deler dei to artane i kongebærfuglfamilien Paramythiidae òg fellesnamnet «bærfugl».

Skildring Melanocharitidae er små fuglar, varierande i lengd frå 7,5 til 15 cm. Bærfuglar i slekta Melanocharis er gjerne større enn bogenebb som beitar på frukt og insekt og andre virvellause dyr. Dei har nær fargelause fjørdrakter i grått, brunt eller svart og kvitt. Bærfuglar syner litt kjønnsdimorfisme i fjørdrakta. I tillegg viser viftebærfugl og stripebærfugl eit uvanleg kjenneteikn blant sporvefuglar med kjønnsdimorfisme i storleik der hofuglen er lengre og tyngre enn hannen. Bærfuglar liknar trauste kortnebba honningetarar, og bogenebb kan minne om solfuglar eller korthala honningetarar. Lætet frå bærfuglar har vore skildra som skarpt og svakt, og songen går snøgt.

Utbreiing og habitat Bærfuglar i slekta Melanocharis er generelt alpine artar, med berre eitt unntak, svartbærfugl lever i låglandsskog.Beehler, B., Pratt, T. & Zimmerman, D. (1986) Birds of New Guinea Princeton University Press:Princeton, ISBN 0-691-02394-8 Derimot lever bogenebb i skogshabitat i låglandet og i lågtliggande fjellområde så vel som på små øyar rundt Ny-Guinea. Nokre artar av bærfuglar har differensiert seg på ulike høgder, med svartbærfugl i låglandet, blåryggbærfugl høgare opp og viftebærfugl opp mot skoggrensa.

Åtferd Vanlegvis opptrer Melanocharitidae-artar åleine eller i par. Dei kan vere lauseleg knytte til blandaflokkar for søk av føde saman med andre artar. Føda for artane i familien er dominert av bær og små frukter. Dei kan òg plukke leddyr frå blad, meir sjeldan ved å «stille» i lufta. Dei er svært aktive i søk etter føda, tar sjeldan pause om dei ikkje et bær. Dei fleste artane beitar i nedre og midtre nivå i skogen, men observasjonar tyder på at arfakbærfugl kan gå opp i trekronene for å søkje føde. Hannar av svartbærfugl vil òg gå inn i trekrona, medan hofuglar vil halde seg lågare nede, noko som tyder på ei viss grad av kjønnssegregering i fôringsnisjar.

Ein kjenner lite til forplantingsbiologien for dei fleste artane, og for einskilde artar finst ingen nedteikna informasjon. Registreringar av reir er gjort i både våte og tørre årstider. Dei byggjer koppforma reir, vanlegvis på ei forgreining ut frå trestammen. Byggjematerialar er bregnar og plantefiber bunde fint saman med edderkoppvev og pynta med lav. Lite er kjent om arbeidsdeling mellom kjønna, sjølv om mønstret kjent frå svartbærfugl, der hofuglen byggjer reiret sjølv, medan begge kjønna matar ungane, kan vere typisk for familien. Dei legg eitt eller to egg.

Bærfuglar og bogenebb blir ikkje rekna å vere truga av menneskeleg aktivitet. Ingen artar er oppførte som truga av IUCN, sjølv om ein art, arfakbærfugl, er oppført i kategori 'datamangel'.BirdLife International (2008) Species factsheet: Melanocharis arfakiana . Lest 18. november 2010 Arfakbærfugl er berre kjent frå to offisielt innsamla prøver, men ikkje-stadfesta rapportar tyder på at dei ikkje er uvanlege i fjerne delar av Ny-Guinea.

Artslista Familien var ein gong plassert inne i blomsterfuglfamilien Dicaeidae, og bogenebba vart ein gong tenkt å vere honningetarar, som dei liknar. I dag samlar bærfuglar 10 artar i to slekter etter Clementslista, det er bærfuglar i Melanocharis og bogenebb i slektene Toxorhamphus og Oedistoma.

Melanocharitidae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Slekt Melanocharis Arfakbærfugl, Melanocharis arfakiana, Obscure Berrypecker, DD, Finsch, 1900 Svartbærfugl, Melanocharis nigra, Black Berrypecker, LC, Lesson, 1830 Blåryggbærfugl, Melanocharis longicauda, Lemon-breasted Berrypecker, LC, Salvadori, 1876 Viftebærfugl, Melanocharis versteri, Fan-tailed Berrypecker, LC, Finsch, 1876 Stripebærfugl, Melanocharis striativentris, Streaked Berrypecker, LC, Salvadori, 1894 Langnebbærfugl, Melanocharis crassirostris, Spotted Berrypecker, LC, Salvadori, 1876

Slekt Toxorhamphus Svovelbogenebb, Toxorhamphus novaeguineae, Yellow-bellied Longbill, LC, Lesson, 1827 Gråhovudbogenebb, Toxorhamphus poliopterus, Slaty-chinned Longbill, LC, Sharpe, 1883

Slekt Oedistoma Olivenbogenebb, Oedistoma iliolophus, Spectacled Longbill, LC, Salvadori, 1876 Pygmébogenebb, Oedistoma pygmaeum, Pygmy Longbill, LC, Salvadori, 1876

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Melanocharitidae» frå , den 29. november 2010

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar av bærfuglar hos Internet Bird Collection

Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar endemiske for Ny-Guinea