Joni Mitchell, CC eller Roberta Joan Anderson () er ein kanadisk musikar, låtskrivar og målar.

Mitchell starta å synge på små nattklubbar i Vest-Canada der ho voks opp, og spelte så på gata i Toronto. På midten av 1960-talet reiste ho til New York City og det rike visemiljøet som var der. Ho spelte inn debutalbumet i 1968 og vart først kjend som låtskrivar («Urge for Going», «Chelsea Morning», «Both Sides, Now», «Woodstock») og så som soloartist på eiga hand. Til slutt slo ho seg ned i Sør-California og spelte ei viktig rolle i folkrockrørsla som då sveipa over det musikalske landskapet. Blue var eit nakent, personleg album frå 1971, som vert rekna som eit av dei sterkaste og viktigaste albuma nokon sinne. Mitchell hadde òg pophittar som «Big Yellow Taxi», «Free Man in Paris» og «Help Me», dei to siste frå bestseljaren Court and Spark frå 1974.Ankeny, Jason. All Music Guide

Kontraalt-stemma til Mitchell, den særeigne harmoniske gitarstilen og pianoarrangementa hennar vart stadig meir kompliserte gjennom 1970-åra og ho vart mykje påverka av jazz, som ho blanda med pop, visesong og rock på eksperimentelle album som Hejira frå 1976. Ho arbeidde òg tett med jazzartistar som Pat Metheny, Wayne Shorter, Jaco Pastorius, Herbie Hancock, og i 1979 på eit album med Charles Mingus som kom ut etter han døydde.Mitchell, Joni (Roberta Joan Anderson) på Encyclopedia of Jazz Musicians Frå 1980-åra og framover har ikkje Mitchell vore like aktiv, men vendte seg mot pop att, og nytta synthesizerar i større grad enn tidlegare og retta politiske protestar i tekstane sine, som ofte omhandla samfunnsmessige og miljømessige tema, i tillegg til meir romantiske og kjenslemessige tema.

Arbeidet til Mitchell er høgt verdsett av både kritikarar og andre musikarar. Rolling Stone kalla henne «ein av dei største låtskrivarane nokonsinne» medan Allmusic seier, «Når støvet legg seg, står kanskje Joni Mitchell att som den viktigaste kvinnelege artisten frå siste halvdel av 1900-talet.»allmusic - Joni Mitchell > Biography Mitchell er òg visuell kunstnar, og har laga mange av sine eigne plateomslag.

Tidleg liv Joni Mitchell vart fødd Roberta Joan Anderson den 7. november 1943, i Fort Macleod i Alberta i Canada. Foreldra var Bill Anderson og Myrtle Anderson (née McKee). Mor hennar var lærar og faren var offiser i Royal Canadian Air Force. Under krigsåra, flytta ho med foreldra til forskjellige basar vest i Canada. Etter krigen arbeidde faren som kolonialhandlar, og arbeidet hans tok familien til Saskatchewan og byane Maidstone og North Battleford. Då ho var elleve år slo familien seg ned i Saskatoon i Saskatchewan, som Mitchell reknar som heimstaden sin.

Mor hennar hadde aner frå Skottland og Irland.Irish Times Magazine, s. 14, 19. juli 2008 Far hennar var norsk. Bestemora vart fødd på garden Farestveit i Modalen i Hordaland, medan bestemora kom frå Sømna i Sør-Helgeland i Nordland.

Då ho var ni år gammal fekk Mitchell polio under ein kanadisk epidemi, men vart frisk att etter ein periode på sjukehus. Det var på denne tida ho vart interessert i song. Ho skildra den første opplevinga av song medan ho var på sjukehuset denne vinteren:

«Dei sa eg kanskje ikkje kunne kome til å gå igjen, og at eg ikkje kunne dra heim til jul. Eg gjekk ikkje med på det. Eg starta å synge julesongar og sa eg skulle synge dei verkeleg høgt ... Guten i senga ved sidan av meg pleidde å klage. Og eg skjønte at eg ikkje var flink.» Ho starta å røyke då ho var ni år, ein vane som har medverka til at stemma hennar har endra seg i nyare år (Mitchell sjølv har derimot i fleire intervju sagt at dette ikkje er sant).

Som tenåring lærte Joni seg ukulele og seinare gitar. Ho starta å spele på festar og bålfestar, og ho fekk etter kvart spele på kafear og andre stader i Saskatoon. Etter ho var ferdig med high school på Aden Bowman Collegiate i Saskatoon, starta ho på Alberta College of Art and Design i Calgary, der ho var eit år. Her møtte ho ein annan songar og låtskrivar, Harry Chapin, men Mitchell forlet skulen og sa til mora: «Eg drar til Toronto for å bli visesongar».

Etter å ha forlate kunstskulen i juni 1964 forlet Mitchell heimen sin i Saskatoon og flytte til Toronto. Ho fann ut at ho var gravid med eks-kjærasten frå skulen, og i februar 1965 fekk ho ei lita jente. Eit par veker etter fødselen gifta Joni Anderon seg med visesongaren Chuck Mitchell, og tok etternamnet hans. Eit par veker seinare gav ho dottera, Kelly Dale Anderson, bort for adopsjon. Denne hendinga heldt ho for seg sjølv det meste av karrieren sin, men ho viste antydningar til hendinga i fleire songar, mellom anna i «Little Green» frå 1971. I songen «Chinese Cafe» frå Wild Things Run Fast frå 1982 syng ho «Your kids are coming up straight / My child's a stranger / I bore her / But I could not raise her».

Dotter til Mitchell, som no heiter Kilauren Gibb, starta å leite etter mora då ho var vaksen. I 1997 nemnde Gibb at ho leita etter mora til kjærasten til ein mann ho hadde vokse hopp med. Tilfeldigvis visste kvinna ein tredje person som hadde fortalt ho at han kjende Joni Mitchell frå åra då ho var gravid. Mitchell og dottera vart gjenforeint kort tid etter.

Karriere 1965–1969: Gjennombrot Sommaren 1965 tok Chuck Mitchell Joni med seg til USA. Dei budde i Detroit, der Chuck og Joni spelte på kafear, baren The Alcove nær Wayne State University og restauranten Rathskelter ved universitetsområdet til University of Detroit. Oscar Brand tok ho fleire gonger med på TV-programmet Let's Sing Out i 1965 og 1966, og ho vart vist for eit større publikum. Mitchell gjekk på skule i West Virginia University ein kort periode, der ho skreiv songen «Morning Morgantown».http://www.courierpostonline.com/blogs/2005/07/columbus-ohio.html Ekteskapet til Chuck Mitchell vart oppløyst tidleg i 1967, og Joni flytta til New York City for å følgje draumen om verte musikar. Ho spelte opp og ned langs austkysten, mellom anna i Philadelphia, Boston, og Fort Bragg i North Carolina. Ho spelte ofte på kafear og viseklubbar, og hadde no byrja å skrive sin eigne songar. Ho vart kjend for dei unike songane og den innovative gitarstilen sin.

Visesongaren Tom Rush hadde møtt Mitchell i Toronto og var imponert over songane hennar. Han tok «Urge For Going» med seg til den populære visesongaren Judy Collins, men ho var ikkje interessert i songen på denne tida, så Rush spelte han inn sjølv. Countrysongaren George Hamilton IV høyrde Rush spele han og spelte inn ein countryversjon som vart ein hit. Andre artistar som spelte Mitchell-songar i dei tidlege åra var Buffy Sainte-Marie («The Circle Game»), Dave Van Ronk («Both Sides Now»), og til slutt Judy Collins («Both Sides Now», ein Topp 10-hit frå albumet hennar Wildflowers). Collins spelte òg inn «Chelsea Morning», ei innspeling som igjen gjorde det betre enn Mitchell sin eigen versjon.

Då ho spelte ein kveld i «The Gaslight South»,JoniMitchell.com/JMDL Library: A Conversation with David Crosby: JoniMitchell.com, March 15, 1997 ein klubb i Coconut Grove i Florida, kom David Crosby inn og vart brått slått av artisten. Han tok ho med seg tilbake til Los Angeles, der han introduserte henne og musikken hennar for vennene sine. Crosby overbeviste eit plateselskap om å la Mitchell få spele inn eit akustisk soloalbum utan at det vart folkrock, som prega denne tida. Dette gjorde at han vart tilskriven som produsent på plata i mars 1967, då Reprise Records gav ut debutalbumet hennar, kalla både Joni Mitchell eller Song to a Seagull.

Mitchell turnerte mykje for å fremme albumet. Turneen gjorde at det vart skapt høg forventning til det neste albumet hennar, Clouds, som kom ut i april 1969. Det inneheldt Mitchell sine eigne versjonar av somme av songane hennar som andre artistar alt hadde spelt inn, mellom anna «Chelsea Morning», «Both Sides, Now» og «Tin Angel». Omslaget til begge platene vart teikna og måla av Mitchell.

1970–1974: Stor stjerne mini|venstre|Mitchell's Court and Spark tour with the LA Express March 5, 1974 Anaheim Convention Center I mars 1970 vann Joni Mitchell den første Grammyprisen sin med Clouds for beste visesongframføring. Månaden etter kom det tredje albumet hennar ut, Ladies of the Canyon. Stilen til Mitchell, som framleis vart rettleia av produsenten Crosby, hadde alt byrja å gå utover det som normalt hadde avgrensa akustisk visesong til då, og flytta det mot pop og rock, med fleire lydspor, perkusjon og korvokal, og for første gong var mange av songane hennar komponerte på piano, som skulle verte kjennemerket til Mitchell i den mest populære tida hennar. Hennar eigen versjon av «Woodstock», saktare og mørkare enn Crosby, Stills & Nash-utgåva, vart spelt på eit Wurlitzer elektrisk piano. Albumet inneheldt òg den alt kjende songen «The Circle Game» og miljøhymnen «Big Yellow Taxi», som inneheld den no kjende linja «they paved paradise and put up a parking lot».

Ladies of the Canyon vart med ein gong ein stor hit på FM radio og selde godt gjennom sommaren og hausten, og vart til slutt den første gullplata til Mitchell (med over ein halv million selde eksemplar). Mitchell valde sjølv å stoppe turneringa det neste året og berre skrive og måle. Ho vart likevel stemd fram som den beste kvinnelege artisten for 1970 av Melody Maker, det leiande britiske popmagasinet. På albumet Mud Slide Slim and the Blue Horizon av James Taylor frå april 1971, syng Joni Mitchell korvokal i lag med Carole King på songen «You've Got A Friend». Songane ho skreiv medan ho hadde fri vart til albumet Blue, som kom ut i juni 1971. David Crosby snakka om Blue og samanlikna talentet hennar med sitt eige: «Då ho laga Blue var ho langt forbi meg og på veg mot horisonten».(2008). A 65th Birthday Tribute to Joni Mitchell. Henta 24. desember 2010, frå http://online.wsj.com/article/SB122575310809894821.html

Blue fekk særs god kritikk og selde godt, og nådde Topp 20 på albumlista i USA i september, og 3. plass i Storbritannia. Den frodige «Carey» vart gjeven ut som singel, men musikalsk var dei andre songane på Blue eit stykke unna stilen frå Ladies of the Canyon med enklare, akustiske arrangement med fokus på stemma og kjenslene til til Mitchell («All I Want», «A Case of You»), medan andre som «Blue», «River» og «The Last Time I Saw Richard» vart sungen med pianoarrangement. Tekstane hennar vart rekna som eit inspirert høgdepunkt i den tidlege musikken hennar, med deprimerte syn på verda kring ho som motvekt til livsglade uttrykk for romantisk kjærleik (til dømes «California»). Mitchell sa seinare, «På denne tida i livet mitt hadde eg ikkje noko personleg forsvar. Eg følte meg som ein cellofanen kring ein sigarettpakke. Eg følte det som om eg ikkje hadde nokre løyndomar å skjule for verda og at eg ikkje kunne late som eg var sterk.»

Mitchell valde å dra på turne att etter Blue, og ho presenterte mange nye songar som kom på det neste albumet hennar. Det femte albumet hennar, For the Roses, kom ut i oktober 1972 og for raskt oppover listene. Ho følgde opp med singelen «You Turn Me On, I'm a Radio», som nådde 25. plass på singellista i februar 1973, og dette vart den første hitsingelen hennar. Albumet var kritikarrost, men det vart noko overskugga over suksessen til Blue og det neste albumet hennar.

Court and Spark kom ut i januar 1974, og Mitchell starta her å flørte med jazz og jazz fusion og markerte starten på ein meir eksperimentell periode framover, men det var òg hennar mest besteslejande album og eit av hennar mest kritikarroste. Court and Spark nådde førsteplassen på Cashbox-lista. Albumet gjorde Joni Mitchell særs populær for kanskje den einaste gongen i karrieren hennar, med populære spor som rockelåten «Raised on Robbery», som kom ut like før jul 1973, og «Help Me», som kom ut mars året etter og vart den einaste Topp 10-plasseringa hennar med ein 7. plass. «Free Man in Paris» var ein annan hitsingel.