Trekryparar er ein biologisk slekt, Certhia, av små sporvefuglar, utbreidde i skogkledde område på den nordlege halvkula. Fjørdrakta har avdempa farger, og som namnet seier, desse fuglane klatrar på trestammar på søk etter føde.

Dette er einaste slekta i trekryparfamilien, Certhiidae. Tidlegare utgjorde trekryparar saman med greinkryparar (Salpornis) trekryparfamilien. Frå og med 2025 fekk greinkryparar familiestatus i IOC World Bird List

Skildring Trekryparar måler 12 til 18 centimeter i lengd. Nebba deira er forsiktig nedoverbøygde og ganske lange, blir brukt for søk etter insekt og edderkoppar i bork. Tærne er lange og utstyrt med sterkt bøygde klør for godt grep i stammen når dei søkjer føde. Hos Certhia-artane er halen stiv og nyttast som støtte under klatring. Songane deira og lydytringane er svake og høgfrekvente.

Utbreiing, habitat og rørsler Certhia-artane av trekryparar finst generelt i økosystem i den palearktiske regionen og den indomalayiske regionen, frå Vest-Europa til Japan og India. Amerikatrekrypar, Certhia americana, lever i Nord-Amerika frå Alaska sør til Nicaragua. Alle artar av trekryparar lever i skogshabitat. Dei nordlege artane er delvis trekkfuglar, og dei som finst i varmare klima er truleg standfuglar, men det manglar informasjon om dette for mange artar.

Åtferd Trekryparar er generelt lite synlege og er ofte likesæle til menneske. Dei treffast som einslege eller i par, nokre gonger i små familiegrupper etter at ungane har blitt flygedyktige. Hos tre av artane er det observert at dei flokkar seg til kvile, så mange som 20 fuglar kan dele ein kvileplass for å spare varme.

Trekryparar beitar på stammane av store tre. Dei flyr først til botnen av eit tre, og deretter klatrar dei opp i ei spirallei når dei søkjer byttedyr. Dei rykkjer opp stammen med små hopp med samla bein. Dei meste av kosthaldet består av små virvellause dyr, blant anna insekt og larvene deira, edderkoppar, og bokskorpionar. I harde tider kan frø og frukter takast, og nokre artar vil òg vitje matingsstasjonar. Dei har blitt registrert i blandaflokkar for næringssøk.

Trekryparars er monogame og territoriale. Certhia-artane byggjer vanlegvis reiret i et sprekk mellom borken og trestammen. Ruginga varar 14 til 15 dagar, og ungane er flygedyktige etter 15 til 16 dagar.

Artslista Trekryparar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Certhia Trekrypar, Certhia familiaris, Eurasian Treecreeper, Linnaeus, 1758 Rododendrontrekrypar, Certhia hodgsoni, Hodgson's Treecreeper, Brooks, WE, 1871 Amerikatrekrypar, Certhia americana, Brown Creeper, Bonaparte, 1838 Kortklotrekrypar, Certhia brachydactyla, Short-toed Treecreeper, Brehm, CL, 1820 Tigertrekrypar, Certhia himalayana, Bar-tailed Treecreeper, Vigors, 1832 Rusttrekrypar, Certhia nipalensis, Rusty-flanked Treecreeper, Blyth, 1845 Eiketrekrypar, Certhia discolor, Sikkim Treecreeper, Blyth, 1845 Kaneltrekrypar, Certhia manipurensis, Hume's Treecreeper, Hume, 1881 Sichuantrekrypar, Certhia tianquanensis, Sichuan Treecreeper, Li G, 1995

Alle artane er vurdert som livskraftige (LC) av Verdas naturvernunion (IUCN).

Andre liknande fuglar

Ikkje-nærskylde fuglar som liknar trekryparar i utsjånad og eller levevis er: Borkkryparar, Climacteridae, i Australia og på Ny-Guinea Treklatrarar, Rhabdornithidae, på Filippinane Treløparar, underfamilie av omnfuglar i den neotropiske regionen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Treecreeper» frå , den 5. desember 2010 Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar av trekryparar hos Internet Bird Collection

Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fugleslekter