Johannes Eriksson Malmin () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Bjerkreim i Rogaland.
Malmin var fødd i Bjerkreim, far hans var gardbrukar. Då han var ei i kring 20 år gammal arbeidde han i tre år i Bergen. Der lærte han seg skriving og rekning, og skaffa seg ein del bøker. Han vart seinare gardbrukar på farsgarden og dreiv eit sagbruk. Han var mykje i kommunal aktivitet, medlem av skulestyret 1826-32 og deltok ofte under utskiftingsforretningar.
År 1818 var han stortingsmann frå Stavanger amt, medlem av fem komitear. Mellom anna var han med i komiteen om skysslova og komiteen om innkvarteringa.
Han døydde på garden sin i Bjerkreim i 1852.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Folk frå Bjerkreim