Ole Halvorsson Ribe () var ein norsk båtbyggjar, gardbrukar og skipsreiar frå Fjære i Aust-Agder.

Ribe var son av ein gardbrukar og båtbyggjar på Ugland i Fjære. Fram til han var 22 år gammal dreiv Ole som skipstømrar, mykje i Grimstad og Arendal. Han kjøpte i 1797 garden Ribe og budde der. År 1819 anla han eit skipsverft på Hausland i Fevikkilen, eit verft han leia til han døydde. Han dreiv også som skipsreiar.

Ribe var 3. representant på Stortinget 1818 for Nedenes og Robygdelagets amt. Han var medlem av seks komitear, mellom dei om tjuverilovgjevinga.

Han døydde på garden sin i Fjære i 1839.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske båtbyggjarar Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Folk frå Grimstad