Petter Mikkelsson Mandt () var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Mo i Telemark.

Mandt var son av ein garbdukar i Skafså. I guteåra byrja han som gjætargut hos futen Florentz, seinare tilsett på kontoret til futen. Han vart lensmann i Lårdal i 1818, og attåt Mo i 1821. Dessutan var han gardbrukar og han var i mange år inspektør for tømmerfløytinga i Tokkevassdraget. Elles var han forlikskommissær og valmann.

Han representerte Bratsbergs amt på Stortinget i 1836, omframstortinget 1836-37 og Stortinget 1848. På alle tingsamlingane var han medlem av Lagtinget, 1836 og 1848 også av konstitusjonskomiteen. Han var i 1836 medlem av riksretten.

Mandt døydde på garden sin, Dalen i Lårdal, i 1860. Han var far til målaren Mikkel Mandt.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Tokke