Anders Henriksson Sandstad () var ein norsk gardbrukar, lensmann, ordførar og stortingsmann frå Ytterøya i Nord-Trøndelag.
Anders Sandstad var fødd i Skogn. Far hans busette seg på garden Sandstad på Ytterøya i 1805, og dreiv denne til sonen tok over drifta i 1826. Sonen hadde innan då teke underoffiserseksamen i 1824, og var underoffiser til 1829. Åra 1830-38 var han lensmann i Ytterøy. Han var medlem av heradsstyret på Ytterøya i 22 år, 20 av åra sat han i formannskapet og i 15 av dei var han ordførar. Han var også medlem av forlikskommisjonen i mange år.
Sandstad var stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt i 1848, 1851 og 1859-60. På dei to fyrste tingsamlingane var han medlem av næringskomite nr 2, medan han i 1859-60 var medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Han var på ulike varamannsplassar til seks av stortinga mellom 1845 og 1869.
Han vart tildelt borgardådsmedaljen i sølv.
Han døydde i 1904 på garden sin på Ytterøy nær 100 år gammal.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Ytterøy Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Levanger