Hans Olsen Hurum () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Hole i Buskerud.

Far til Hurum var gardbrukar på garden med same namnet. Sjølv gjekk han på Ringerike realskule i fem år og var 1865-67 styrar av skogsdrifta i Bangdalen i Nord-Trøndelag og sidan gardbrukar på Skamarka i heimbygda Hole. Han var medlem av heradsstyret i mange år, også ordførar. Elles var han medlem av tilsynskommisjonen for jarnbanene Kristiania-Drammen og for Randsfjordbanen.

Hurum representerte Buskeruds amt på Stortinget 1877-82 og 1889-91, heile tida medlem av jarnbanekomiteen. Han slo seg med i Høgre si stortingsgruppe.

Han døydde i 1922 på garden sin i Hole.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Hole Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Hole