Even Larssen Glestad () var ein lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Veldre i Hedmark. Han var medlem av Venstre.
Glestad var son til ein gardbrukar. Han var fyrst lærar i omgangsskule, sidan i ein privatskule driven av kapellanen i Stange. Deretter lærar på ein høgre skule for allmugen i Stange, ein skule styrt av kyrkjesongaren i prestegjeldet. Han var så krambudreng i sju år på Røros og på Lillehammer, og nokre år rekneskapsførar for Veldre brenneri. År 1856 vart han gardbrukar på Dalaust i heimbygda Veldre, før han i 1879 tok over farsgarden Glestad.
Glestad var medlem av heradsstyret i Ringsaker 1857-69 og 1873-85, ordførar var han frå 1877 til -83. Medlem av forlikskommisjonen 1867-85, og formann i matrikkelkommisjonen i heradet. Formann i Hedemarkens fogderis landbruksforening.
Glestad representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1880 til 1900. Han var 1880-85 medlem av protokollkomiteen, 1883-1900 av fullmaktskomiteen, 1886-1900 av tollkomiteen, samt 1889-1900 av valkomiteen. Perioden 1889-1900 var han med i Lagtinget, frå 1891 i eigenskap av president. Elles var han medlem av jurykommisjonen 1882, av traktatkomiteen 1890-91, og frå 1893 av riksskattekommisjonen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Ringsaker Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Ringsaker Kategori:Norske rekneskapsførarar