Dei polsk-svenske krigane var ei rekkje krigar mellom Det polsk-litauiske samveldet og Sverige. Vidt rekna omfattar uttrykket ei rekkje krigar mellom 1563 og 1721. Meir spesifikt viser det særleg til to krigar mellom 1600 og 1629. Dette er ei liste over krigane som vert omtalt i det meir vidare omgrepet:

Konflikten på 1500-talet som stundom vert kalla Livlandskrigen (1558–1583) Krigen mot Sigismund, i 1598 krigen i 1600–1629 (stundom rekna som ein del av den større europeiske trettiårskrigen) som hadde to periodar med våpenkvile og som kan delast inn i: krigen i 1600–1611 krigen i 1617–1618 krigen i 1621–1625 krigen i 1626–1629

konfliktane på andre halvdel av 1600-talet kjend som Syndefloden (del av dei nordiske krigane 1655–1661) Karl Gustav-krigane i 1655–1661 den polsk-svenske krigen, òg kjend som den store nordiske krigen (1700–1721). den polsk-svenske krigen, òg kjend som den fjerde koalisjonskrigen (1806–1807) den siste polsk-svenske krigen var den sjette koalisjonskrigen, fordi hertugdømet Warszawa var ein napoelonsk alliert, medan Sverige var ein del av den anti-napoleonske koalisjonen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Polish–Swedish wars» frå , den 20. desember 2010.

Kategori:Konfliktar på 1600-talet Kategori:Polske krigar Kategori:Svenske krigar Kategori:Litauiske krigar