Jakob Hanssen Holstad () var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Vestby i Akershus.
Han var son til ein lensmann. Sjølv var han gardbrukar i Ås i Akershus. Der var han medlem av heradsstyret, ei tid ordførar.
Holstad representerte Akershus amt på Stortinget 1836-37 og 1848-64. Han var både i 1836 og på omframstortinget 1836-37 medlem av næringskomite nr 1. I 1848 var han medlem av næringskomite nr 2, 1851 av jarnbanekomiteen og desisjonskomiteen, 1854 og 1857 av Lagtinget og tollkomiteen, Også 1859-60 og 1862-63 var han medlem av Lagtinget og tollkomiteen, i 1863 også av jarnbanekomiteen. På omframstortinget 1858 var han medlem av Lagtinget og komiteen om mursteinstoll, medan han på omframstortinget 1864 var medlem av Lagtinget og komiteen om løn til hæren. Han var i 1860 medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Stockholm, og i 1864 av både deputasjonen til Eidsvoll 17. mai og til Stockholm 4. november.
Han døydde på garden Ris i Nordby sokn.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Ordførarar i Ås Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Vestby