Yann Pierre Tiersen () er ein fransk komponist og multiinstrumentalist.

Tiersen kjem frå Brest i Bretagne. Han har teke musikkutdanning ved musikkhøgskulane i Rennes, Nantes og Boulogne. I Frankrike fekk han gjennombrotet sitt då han gav ut albumet La Phare i 1998, men han slo gjennom internasjonalt då han komponerte filmmusikken til Den fabelaktige Amélie fra Montmartre frå 2001. Filmmusikken er prega av fiolinar, trekkspel og piano. Han har også komponert filmmusikken til La Vie Rêvée des Anges (1998), Alice et Martin (1998) og Qui Plume la Lune? (1999), samt Good bye, Lenin! (2003) og Tabarly (2008).

Diskografi

La Valse des Monstres (1995) Rue des Cascades (1996) Le Phare (1998) Black Session: Yann Tiersen Live. (1999) L'Absente (2001) C’était ici Live. (2002) Les Retrouvailles (2005) On Tour Live. (2006) Dust Lane (2010)

Kjelder

Engelsk Wikipedia om Yann Tiersen, henta inn 23. desember 2010. Yann Tiersen på Imdb.com

kategori:Franske komponistar kategori:Franske musikarar kategori:Franske filmmusikkomponistar kategori:Folk frå Brest