Trygve Henrik Lindeman () var ein norsk cellist frå Kristiania og i to mannsaldrar var han rektor for Musikkonservatoriet i Oslo.artikkel i Store Norske Leksikon

Etter examen artium (1915) studerte han til sivilingeniør ved NTH i 1916 før han skifta til musikkstudiar ved Musikkonservatoriet i Oslo under Gustav Fr. Lange og i den danske hovudstad ved Det kongelige danske Musikkonservatorium under Carl Nielsen. Som cellist debuterte han i 1925 og vart direktør (etter sin far Peter Brynie Lindeman) ved Musikkkonservatoriet i 1928. Direktør var han fram til 1969. Ekteparet Lindeman hadde ikkje barn og etablerte derfor Lindemans Legat og overlét konservatoriets leiing til Anfinn Øien som var rektor fram til Norges Musikkhøgskole vart starta i 1973. Lindeman-tradisjonen i norsk musikk vart dyrka fram av Trygve som meinte at alle kunne spelle, komponere og begripe musikkteori og bedrive pedagogikk.Lindeman-tradisjonen. Trygve Lindeman var frimurar og skjøtta embetet som ordførande meister i sin loge i ei årrekke.

Premiar Kongens fortjenstmedalje i gull 1953 St. Olavs Orden, riddar i 1. klasse av gull 1967.

Utgivingar Lærebok i taktering for kordirigenter, 1939 Lærebok i elementær musikkteori, 1943 Tonetreffing og musikkdiktat, 1951 Orkesterinstrumenter og partitur, 1973 Musik-konservatoriet i Oslo 1883–1973, 1976, med E. Solbu

Referansar

Kategori:Norske cellistar Kategori:Norske musikkpedagogar Kategori:Fødde i 1896 Kategori:Døde i 1979 Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:St. Olavs Orden