Erling Øistein Steineide, () var ein norsk langrennsløpar frå Heidal i Oppland. Han vart i 1965 noregsmeister på 15 kilometer på Fåberg. Steineide var medlem av Heidal Idrettslag, ei tid tevla han for Sjårdalen Idrettslag, før han atter gjekk for Heidal.

Aktiv Steineide var med å vinne NM-gull i 3 x 10 km stafett for Sjårdalen IL 1963-65 og for Heidal IL 1968, 1969 og 1971. Vinteren 1964 vart han nummer fire på tremila i NM på Voss, då Gjermund Eggen vart norsk meister for fyrste gong, og fekk same plassering som beste nordmann på tremila i den Svenska skidspelen. Under noregsmeistersakpen på Fåberg i 1965 gjekk Steineide sitt livs løp og vann gullmedaljen på 15 km framom Gjermund Eggen og med Ole Ellefsæter på bronseplass. I 1966 vart Steineide fjerdemann på 15 km i Lahti-renna.

Steineide gjekk den andre etappen for Noregs lag som vart nummer fire på OL-stafetten i 1964. Og han var ankermann for mannsakpet som fekk same plasseringa under Ski-VM 1970.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1964: Nr 4 på 30 km i Kiruna i Svenska skidspelen 1965: Nr 5 på 30 km i Falun i Svenska skidspelen 1966: Nr 4 på 15 km i Lahti 1969: Nr 8 på 15 km i Holmenkollen 1970: Nr 23 på 30 km under VM i Štrbské pleso

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap 1960: Nr 11 på 30 km i Nedre Eiker 1961: Nr 10 på 15 km på Røros 1963: Nr 6 på 15 km Rælingen 1964: Nr 4 på tremila på Voss 1965: Gullmedalje på 15 km på Fåberg 1967: Nr 5 på 15 km på Skorovatn 1968: Nr 12 på 30 km på Bærum 1969: Nr 5 på 15 km i Alvdal 1970: Nr 4 på 15 km i Trondheim

Kjelde Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Sel