Åge Sten Nilsen () er ein norsk rockeartist. Han er kjent som songar i bandet Wig Wam der han brukar artistnamnet «Glam». Åge Sten Nilsen er frå Sarpsborg, men bur no i Fredrikstad.

Nilsen drev tidlegare med sport, fotball og handball, men er òg ein habil teiknar. Etter gjennombrotsåret 2005 då Wig Wam deltok i Melodi Grand Prix, kan han og gruppa no leve av musikken.

I 1998 under artistnamnet "g-sten", deltok han i Melodi Grand Prix med songen «Always Will». Han kom på 3. plass med 31 poeng.

Nilsen gav ut albumet "g-sten" under artistnamnet "g-sten" i 2000. Dette albumet vart spelt inn på nytt i 2006 og sloppe i desember same år. Då med albumnamnet "Wolf & butterfly".

Nilsen spelte rolla som dommaren The Arbiter i musikalen Chess i Oslo Spektrum 9-12. november 2006.

Nilsen er òg programleiar i Singing Bee og deltakar i Det store korslaget der koret hans, Team Åge, vann.

Han hadde lenge lyst til å lage eit musikalsk show, og enda opp med å lage eit show kalla "The show must go on" - ei hyllest til Queen. Showet hadde premiere 17. oktober 2007 i Fredrikstad. I heile 2008 turnerte Nilsen land og strand rundt med "The Show Must Go On". Det vart totalt selt rundt 60 000 billettar, og det første til å hatt 10 show på Drammens Teater som vart heilt utselt. Med seg hadde han bl.a Stian Joneid og Jonas Groth, to andre velkjende sarpingar.

9. februar 2009 sleppte Nilsen solo-plate nr 2, med namnet Glamunition.

Utgjevingar

2000: G-sten 2006: Wolf & butterfly 2009: Glamunition

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Åge Sten Nilsen» frå , den 19. mai 2013.

Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Norske songarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Melodi Grand Prix 2004-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2005-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2017-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2021-låtskrivarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2005-deltakarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Allsang på grensen