Dåslekta (Galeopsis) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Medlemene er eittårige ugrasplantar, dei har lange leder nede, korte oppe, og store blad under dei øvre blomsterkransane. Blomstrane har beger med stive broddspisse tenner. Dei har krone med lang røyr, heil overlepe og tredelt underlepe.

Fire artar veks i Noreg: Guldå (G. speciosa), livskraftig (LC) Kvassdå (G. tetrahit), livskraftig (LC) Vrangdå (G. bifida), livskraftig (LC) Dundå (G. ladanum), kritisk truga (CR) i Raudlista 2021

Nokre andre artar er registrert gjennom einskildfunn: Smaldå (G. angustifolia), framandart, ikkje risikovurdert Mjukdå (G. pubescens), framandart, ingen kjend risiko (NK) i Framandartslista 2018 Bleikdå (G. segetum), framandart, ikkje risikovurdert

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hanekro» frå , den 7. januar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Leppeblomfamilien

Kategori:Medisinplantar Kategori:Giftige plantar