thumb|Hauges Minde, mars 2010. Hauges Minde er ein bygard på Grünerløkka i Oslo. Han ligg i Sofienberggata og har adresse Olaf Ryes plass 2. Garden har namn etter lekpredikanten Hans Nielsen Hauge.
Bedehus Garden vart bygd i 1875 som bedehus av Christiania Indremissionsforening (no Kirkens bymisjon). Sekretæren i foreininga, Johan Storjohann, fekk idéen til eit bedehus i den sterkt veksande bydelen i januar 1874, og alt 23. desember 1875 kunne huset innvigast. Teglverkseigarane i byen gav 150 000 murstein til bygget, og arkitekt var Niels Stockfleth Darre Eckhoff. Bygningen er i tre høgder med fasade i pussa tegl. Dei to nedste høgdene utgjorde ein forsamlingssal med galleri. Bedehuset vart frå fyrste stund eit samlingspunkt for kristeleg arbeid på Grünerløkka.Selmer 1926
Latinskolen på Hauges Minde I 1880 slutta Storjohann i Kristiania indremisjon for å realisera sin nye idé: Latinskolen på Hauges Minde. Huset vart overdrege til skulen mot at indremisjonsforeininga framleis kunne få bruka huset til forkynnarverksemd. Skulen opna i august 1880 i tredje høgda i bygningen og retta seg særleg mot gutar frå bygdene og mot dei som tenkte på å bli prestar. Den største økonomiske støtta kom frå kvalfangarreiaren Svend Foyn som gav 16 000 kr til skuledrifta og 14 000 kr til kjøp av huset. Skulen hadde 2-årig gymnas og 2-årig mellomskule (frå 1884 eittårig). Eit 2-årig real-gymnasium kom dessutan i gang hausten 1894.Selmer 1926
På den høgre skulen gjekk mykje bygdeungdom.Arkivet til skulen ligg i Oslo byarkiv Styraren for skulen 1899-1894, Christen Larsen Dahler, var positiv til målsaka og ein av initiativtakarane til Bondeungdomslaget i Oslo (1899). Bondeungdomslaget heldt møta sine på Hauges Minde den fyrste tida og hadde fleire medlemer i lærar- og elevflokken, mellom anna Marie Kviberg. Etterfølgjaren hans 1904-1910, I.A. Refsdal hadde òg godhug for målsaka. I eit innbydingsskrift frå skulen 1909 heiter det at «Skulen ser gjerne, at norske stilar vert skrivne paa landsmaal, og at landsmaal vert bruka i alle høve, so langt raad er. I tale brukar alle fritt heimemaalet sitt.»Skolen paa Hauges minde. Oprettet 1880. Kristiania 1909, s. 10
Mellom dei som fekk skulegangen sin her, finn ein professor Taranger, Oscar Albert Johnsen, legasjonsråd Wedel-Jarlsberg, Vetle Vislie, Trygve Lie og Gustav Indrebø.
Skulestyrarar:Selmer 1926 1880-nov 1881: Johan Storjohann nov 1881-juli 1883: P. J. Lødrup 1883-1887: R. Gjerløw 1887-1890: H.B. Klæboe 1890-1899: E.S.B. Hauge 1899-1904: Christen Larsen Dahler 1904-1910: I. A. Refsdal 1910-1012: G.O. Birkeland 1912-1914: A.H. Sommerfeldt 1914-1917: K.V. Pahle 1917-1918: P. Skotte
Lutherseminaret I 1883 sette Johan Storjohann i gang ein misjonspresteskule som skulle gje ei utdanning som på det næraste tilsvara Misjonsskulen i Stavanger (det såkalla Lutherseminaret).Selmer 1926, Golf 1996, s. 98 Det vart rekruttert eit kull som fyrst fekk eit 2-årig kurs og deretter ei 3-årig teologisk utdanning. Dei unge mennene skulle deretter sendast som misjonsprestar til norske emigrantkoloniar i USA og Australia. Nabobygningen vart innkjøpt til dette føremålet, og mykje av pengane hadde Storjohann samla inn i USA. Lutherseminaret vart avvikla i 1888 då elevane hadde fullført utdanninga.
Soknekyrkje Den høgre skulen vart avvikla i 1918 etter at bygningen var teken i bruk som soknekyrkje. Hauge menighet vart utskilt frå Paulus med verknad frå 1. januar 1917, og frå påska 1917 vart Hauges Minde brukt som interimkyrkje. Bystyret vedtok 12. desember 1918 å kjøpa bygningen til dette føremålet, og heile bygningen vart no ombygd og teken i bruk som kyrkje og lokale og kontor for kyrkjelyden. Det var kyrkje her fram til 1938.
Seinare bruk Under andre verdskrigen heldt ein del av det tyske propagandaapparatet (Abteiling für Volksaufklärung und Propaganda) til i bygningen. Seinare var det ungdomsherberge, kvinneherberge og krisesenter her.
Dei seinare åra har garden stått tom og forfalle. Han er eigd av Oslo kommune. I 2007–08 vart det lagt fram planer om å nytta huset til kunstføremål (galleri, atelier) og bustad. Bydel Grünerløkka har vedteke at han bør brukast til forsamlingslokale for området.
I oktober 2008 var garden okkupert ein kort periode.
Kjelder
Arc! Geir Tandberg Steigan Grünerløkkas historie, bradager.net Utdjupande artikkel om Johan Storjohan på snl.no Jørgen Selmer: Hans Nielsen Hauges Minde. 1875-1925. Oslo 1926. Olav Golf: Haugebevegelse og folkeopplysning 1800-1860. Utgitt i forbindelse med Hauge-jubiléet i 1996. (1996) (Digital utgåve, NBdigital) Denne artikkelen bygde opphavleg på «Hauges Minde (Oslo)» henta frå Wikipedia på bokmål 10. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Grünerløkka Kategori:Norsk misjonsverksemd Kategori:Byggverk i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo