Sjå også: forfattaren Claus Pavels Riis, dotterson til Pavels.
Claus Pavels ()var ein norsk prest og forfattar.
Pavels var fødd i Kjørrefjord i Vanse, fire månader etter faren, som var residerande kapellan, døydde. Han vart cand. theol. i 1789. I 1793 fekk han si fyrste preststilling som res. kap. i Brevik og Eidanger. Åra mellom 1796 og 1805 hadde han ymse prestestillingar i Danmark. I 1805 vart han slottsprest på Akershus og samstundes sokneprest i Aker prestegjeld. År 1817 etterfylgde han Johan Nordahl Brun som biskop i Bergen, eit embete han haddde til han døydde fem år seinare.
Pavels skreiv dagbok i tida 1812-22. Dei viktigaste bolkane av desse døgbøkene vart trykt og gjeve ut i fem band i tida mellom 1863 og 1904. Ein sjølvbiografi vart gjeven ut i 1864, ei fyldigare utgåve kom i 1866. Pavels sine dagbøker er viktige kjelder til kunnskapen om menneske, politikk og kultur i samtida.
Pavels døydde i Bergen vinteren 1822.
Kjelder
Norsk Allkunnebok. IX. bandet. 1959
Kategori:Norske biskopar Kategori:Norske dagbokforfattarar Kategori:Folk frå Farsund