thumb|Skilt for nasjonal turistvei thumb|Kvinnefossen er omtrent 2 km austom Hella ferjekai, ein del av riksveg 55 Nasjonal turistveg (Nasjonal turistvei) er vegar i Noreg som har fått offisiell status som veg der det skal investerast ekstra for å få ein infrastruktur som passar turistnæringa og reisande langs desse vegane. Initiativtakar for prosjektet er Statens Vegvesen og dei presenterer prosjektet som ei ferd i harmoni med det ytre landskapet og eins eige indre.

Satsinga på nasjonale turistvegar vart vedteke av Stortinget i 2001.

Målsettinga er å tilby vegfarande bilturistar 18 nasjonale turistvegar med ei samla lengd på ca. 1800 km innan 2015. Denne særskilde turistattraksjonen skal stimulere vegfarande turistar til å nytte Noreg som sitt feriemål og gjennom det styrke næringsgrunnlaget. Godkjende strekningar vil bli profilert med ein eigen logo (turistvegsymbolet).

I 2012 fekk turistvegane arkitekturmagasinet Topos sin spesialpris for arkitekturen som blir brukt på kafébygg og utkikksposter.The Norwegian National Tourist Routes (Topos Magazine) publisert 6.august 2012, lese 27.september 2012.http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.8337688

Krav til standard For å oppnå dette må det gjerast store investeringar for å få løfta vegane opp på det naudsynte nivået. Dette omfattar: Standard og tryggleik på sjølve vegen Rasteplassar av god kvalitet på rett stad Utsiktspunkt som er tilrettelagt Informasjon Serverings- og overnattingshøve Aktivitetstilbod og opplevingar utover sjølve køyreturen

Godkjende strekningar

thumb|Reine i Lofoten, staden ligg langs Europaveg 10 thumb|Nybygget på Trollstigen rett før opning i 2012. 18 veisystem har blitt klassifisert som Nasjonal turistveg.Nasjonale turistveger - OMVEG. Arkitektur og design langs 18 nasjonale turistvegar , av Nina Berre og Hege Lysholm, utgjeve april 2010 av Statens vegvesen, lese 2011-12-18. Alle 18 strekningar er per 2012 merka med symbolet for nasjonale turistveger. Ein del arbeid på nokre strekninger skal utførast fram mot år 2020.«Dette er dei vakraste vegane i landet», NRK 1. juli 2012

Varanger, Varangerbotn–Hamningberg, E75/fylkesvei 341, 160 km – (Varanger ) Havøysund, Kokelv–Havøysund, fylkesveg 889, 66 km – (Havøysund )Havøysund innviet 22.juni http://www.vegvesen.no/Turistveg/havoysund/Nyhetsarkiv/Nasjonal+turistveg+Hav%C3%B8ysund+%C3%A5pnet.351851.cms lest 16.september 2012 Senja, Gryllefjord–Botnhamn, fylkesveg 86/fylkesveg 862, 90 km – (Senja ) Andøya, Andenes–Bjørnskinn, fylkesveg 82/fylkesvei 976/fylkesvei 974, 58 km – (Andøya )Andøy/Senja innviet 30.juni 2012 http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/Om+vegprosjekter/Turistveger/Nyheter/%C3%85pning+Nasjonal+turistveg+And%C3%B8ya+og+Senja.354831.cms lest 16september 2012 Lofoten, Raftsundet–Å, E10, 230 km – (Lofoten ) Helgelandskysten, Holm–Alstahaug–Stokkvågen–Godøystraumen, fylkesveg 17, 416 km – (Helgelandskysten ) Atlanterhavsvegen, Kårvåg–Bud, fylkesvei 64/fylkesvei 242/fylkesvei 663/fylkesvei 238/fylkesvei 235, 36 km – (Atlanterhavsvegen )Endelig har Atlanterhavsvegen blitt nasjonal turistveg NRK 9.juni 2012 http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8189166 lest på nett 16.09.12 Geiranger–Trollstigen, Langevatnet–Sogge bru, fylkesveg 63, 106 km Rondane, Muen–Folldal og Enden–Sollia kirke, fylkesvei 27/fylkesvei 219, 75 kmRondane innviet i september 2008 http://www.retten.no/lokale_nyheter/article3793582.ece lest på nett 16.09.12 Gamle Strynefjellsvegen, Grotli–Videsæter, fylkesveg 258, 27 km Gaularfjellet, Balestrand–Moskog og Eldalsosen–Sande, fylkesveg 613/fylkesveg 610, 130 km – (Gaularfjellet)Gaularfjellet Sognefjellet, Lom–Gaupne, fylkesveg 55, 108 km Valdresflye, Garli–Gjende–Hindsæter, fylkesveg 51, 46 km Aurlandsfjellet, Aurlandsvangen–Lærdalsøyri, fylkesveg 5627, 47 km – (Aurlandsfjellet)Aurlandsfjellet Hardangervidda, Eidfjord-Haugastøl, riksve7 7 Hardanger, Steinsdalsfossen–Granvin, Norheimsund–Tørvikbygd, Jondal–Utne og Kinsarvik–Låtefoss, fylkesvei 7/fylkesvei 49/fylkesvei 550/riksvei 13 Ryfylke, Oanes–Hordalia, riksvei 13/fylkesvei 46/fylkesvei 520, 183 km Jæren, Ogna–Bore, fylkesvei 507/fylkesvei 44, 41 kmJæren innviet 22.april 2012 http://www.vegvesen.no/Turistveg/jaeren/Nyhetsarkiv/Nasjonal+turistveg+J%C3%A6ren+%C3%A5pnet.331571.cms nyhet lest 16.09.12

Nye kandidatar Av femti søkarar har Vegdirektoratet plukka ut følgjande vegar med potensial til å få status som nasjonal turistveg: Riksveg 13/520 – Ryfylke. Hardanger, Riksveg 7; vidareføring av eksisterande prosjekt.

I nær framtid Etter vurderingane til vegdirektoratet er det berre 15 - 25 strekningar som har potensial til å oppnå status i løpet av dei neste 25 åra.

Komande Vardø – Hamningberg; heilt ute i havkanten «Yttersida» på Senja som går langs fjelltindane som blir kalla «Djevelens tanngard». Bjørnskinn – Bleikdelet på Andøya; vegen vil gå langs yttersida av Andøya Vennesund – Alstahaug på sørlege delen av Helgelandskysten; kyststrekning med UNESCO-øyane Vega utanfor (94 km Rv17)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nasjonal turistvei» frå , den 13. januar 2011.

Bakgrunnsstoff Nasjonale turistveger, offisielt nettstad frå Statens vegvesen Prosjektinformasjon VG: 100 millionar til «postkortvegane»

Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar

Kategori:Vegar i Noreg