Karl Julius Arnesen () var ein norsk prest og stortingsmann frå Christiania. På Stortinget representerte han Høgre.

Arnesen var son til ein departementstilsett. Han vart student frå Nissens skole i Christiania i 1865 og cand. theol. fem år seinare. I 1871 vart han personalkapellan i Balestrand, frå 1874 sokneprest i Bindal. Deretter residerande kapellan i Horten frå 1878. Han var så sokneprest i Sarpsborg 1884-95, Hetland 1895-1906 og Tønsberg frå 1906.

Arnesen var ordførar i Bindal 1877-78, seinare var han medlem av bystyret i Sarpsborg. Elles var han medlem av forlikskommisjonane i Horten og i Sarpsborg.

Arnesen representerte Sarpsborg på Stortinget 1886-91 og 1895-97. Han var 1886-89 medlem av protokollkomiteen, medan han 1890-91 og 1895-97 var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Politikarar frå Oslo