The Band var eit kritikarrost og viktig rockeband. Den originale gruppa bestod av kanadiarane Rick Danko (bassgitar, kontrabass, fele, trombone, vokal), Garth Hudson (klaverinstrument, saksofon, trompet), Richard Manuel (piano, trommer, barytonsaksofon, vokal), Robbie Robertson (gitar) og amerikanaren Levon Helm (trommer, mandolin, gitar, vokal). Alle fem medlemmene var kjende musikarar kvar for seg.

Medlemmene i The Band kom først i lag då dei vart med i bandet til rockabillyartisten Ronnie Hawkins som The Hawks, ein etter ein mellom 1958 og 1963. Då dei forlét Hawkins i 1964, var dei ei kort stund kjend som The Levon Helm Sextet med saksofonisten Jerry Penfound som den sjette medlemmen, så Levon and the Hawks etter at Penfound forlet bandet. I 1965 gav dei ut ein singel på Ware Records under namnet Canadian Squires, men gjekk attende til Levon and the Hawks for ei innspeling for Atco seinare i 1965.Gray, 33 og 37 Om lag på same tid hyrte Bob Dylan Helm og Robertson inn for to konsertar, og så heile bandet for den amerikanske turneen hans i 1965 og verdsturneen i 1966. Dei vart òg med han på dei uformelle innspelingane som seinare vart The Basement Tapes.

Fordi dei alltid vart kjend som «bandet» eller «the band» for forskjellige frontmenn, så sa Helm at «The Band» fungerte bra som eit namn for gruppa og forlét Saugerties i New York for å spele inn sine eigne songar. Dei spelte inn dei mest kritkarroste albuma sine seint i 1960-åra: Debutplata Music from Big Pink frå 1968 (med singelen «The Weight») og The Band i 1969. I 2004 vart «The Weight» rangert som den 41. beste songen av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

The Band vart oppløyst i 1976, men kom saman att i 1983 utan gitaristen Robbie Robertson. Sjølv om The Band alltid har vore meir populære hos musikkritikarane og hos andre musikarar enn hos det generelle publikum, har dei alltid vorte sett opp til og vore eit viktig band. Gruppa vart innlemma i Canadian Music Hall of Fame i 1989 og Rock and Roll Hall of Fame i 1994. I 2004 rangerte Rolling Stone dei på 50. plass på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene, og i 2008 fekk dei Grammyprisen Lifetime Achievement Award (ein ærespris).

Oversyn Musikken til The Band blanda mange element, hovudsakleg gammal country og tidleg rock and roll, sjølv om rytmeseksjonen ofte likna Stax eller Motown, og Robertson har omtalt Curtis Mayfield og Staple Singers som viktige inspirasjonskjelder. Dette førte til ein syntese av mange musikksjangrar. Av låtane til bandet var særs få av dei tidlege songane deira baserte på vanlege blues og doo-wop akkordskifte.

Alle medlemmane i bandet kunne spele mange instrument. Dei skifta derimot lite på instrumenta då dei heldt konsertar, men under innspelingane kunne musikarane spele i lag i mange samansetningar. Hudson klarte særleg å få må ut mange forskjellige klangar frå Lowrey-orgelet sitt, som på refrenget til «Tears of Rage», der det høyrest ut som ein mellotron. Tromminga til Helm vert ofte rosa, og kritikaren Jon Carroll sa at «Helm er den einaste trommisen som kan få deg til å gråte», medan den kjende studiotrommeslagaren Jim Keltner har sagt at han tok til seg mange av teknikkane til Helm.

Songarane Manuel, Danko og Helm førte kvar med seg ei særeigen stemme til The Band. Den søramerikanske stemma til Helm hadde meir enn eit hint av country i seg, Danko hadde ei tenorstemme, og Manuel skifta mellom falsett og baryton. Dei song ofte i lag i harmoni. Sjølv om dei ofte delte synginga likt mellom seg, har både Danko og Helm sagt at dei såg på Manuel som hovudsongaren i bandet.

Robertson var den viktigaste låtskrivaren i bandet, men han song berre solovokal på tre studiosongar av bandet («To Kingdom Come», «Knockin' Lost John» og «Out Of The Blue»). Denne rolla, og at Robertson seinare kravde opphavsretten til dei fleste songane, førte seinare til mykje fiendskap, særleg mellom Helm og Robertson. Helm skriv i sjølvbiografien sin This Wheel's on Fire - Levon Helm and the Story of The Band at Robertson i røynda ikkje var hovudlåtskrivaren i bandet, og at songane til The Band ofte vart spelte inn og laga som eit samarbeid mellom alle medlemmane. Robertson hevda på si side at Helm ikkje hadde skrive nokre av songane som var tilskriven RobertsonChicago Tribune, Apr. 7, 2002 og dottera hans har seinare i eit brev til Los Angeles Times peikt på at nesten alle songane på soloalbuma til Levon Helm er skriven av andre."Letters", Los Angeles Times, Feb. 17, 2008 Striden starta i 1980-åra då det meste av honorara for låtskrivinga gjekk til Robertson aleine, medan dei andre var avhengig av turneverksemd for å få inntekter. Dette hadde ikkje vore ei sak i 60- og 70-åra, då mange av songane til Band, hovudsakleg tilskriven Robertson aleine, vart spelte av mange andre artistar, som Smith si utgåve av «The Weight» for filmmusikken til Easy Rider og Joan Baez si utgåve av «The Night They Drove Old Dixie Down» i 1971.

Produsenten John Simon er omtaltBarney Hoskyns - Across the Great Divide: The Band and America som den «sjette medlemmen» i the Band for å ha produsert og spelt på Music from Big Pink, medprodusert og spelt på The Band, og for å ha spelt på fleire av songane deira fram til gjenforeiningsalbumet deira Jericho i 1993.

Historie Tidlege år: The Hawks Medlemmene av The Band kom gradvis saman som ein del av den Toronto-baserte gruppa til rockabillyartisten Ronnie Hawkins, The Hawks: Helm, eit originalt Hawk-medlem som reiste med Hawkins frå Arkansas til Ontario, så Robertson, Danko, Manuel og til slutt Hudson. Hawkins var populær i og rundt Toronto og han hadde ein effektiv måte å fjerne dei musikalske konkurrentane sine. Når eit lovande band dukka opp, hyrte Hawkins dei beste musikarane frå banda til si eiga gruppe. Både Robertson, Danko og Manuel kom inn i bandet på denne måten.

Dei fleste av medlemmene var villige til å bli med i bandet til Hawkins, men det var langt verre å få med Hudson. Han han hadde fått ein universitetsgrad og planla ei karriere som musikklærar og var berre interessert i å spele rock som ein hobby. The Hawks likte særs godt den ville, fulle orgelstilen hans, og bad han ofte inntrengande om å verte med. Hudson gav seg til slutt, så lenge Hawks-medlemmene kvar betalte han $10 per veke for å vere instruktøren deira. Alle teoretiske musikkspørsmål vart retta til Hudson. Hudson fekk litt ekstra inntekter og klarte samstundes å overtale familien om at utdanninga hans ikkje var bortkasta. Piano-orgel-kombinasjonen var uvanleg i rockemusikk, og med den aggressive spelestilen førte Hudson med seg eit nytt musikalsk aspekt.

Med Hawkins spelte dei inn eit par singlar og vart kjende som den beste rockegruppa i det blømande musikkmiljøet i Toronto. Hawkins hadde ofte lange øvingar, etterfølgd av lange show på klubbane, noko som førte til at dei unge musikarane raskt utvikla seg teknisk på instrumenta sine.

I 1964 hadde gruppa slutta å spele for Hawkins på grunn av personlege skilnader. Dei var trøytte av å spele dei same songane om att og om att og ønskte å spele sin eigne songar, og dei var trøytte over den noko diktatoriske leiarstilen til Hawkins. Han gav mellom anna the Hawks bøter om dei tok med seg kjærastane sine til klubbane, og frykta at dette ville føre til at færre ledige jenter ville komme til konsertane, eller om dei røykte marihuana. Alkohol og piller vart akseptert, men Canada hadde harde straffar for marihuana.

Robertson sa seinare «Til slutt hadde Hawkins bygd oss opp til eit punkt der vi overgjekk musikken hans og måtte forlate han. Han skaut eigentleg seg sjølv i foten, velsigne han, ved å spisse oss til eit så framifrå band at vi berre måtte ut i verda, fordi vi visste at visjonen hans berre var for han sjølv, og vi var alle yngre og musikalsk meir ambisiøse.»

Dei spelte inn singlar og turnerte mykje, vanlegvis under namnet Levon and the Hawks, men fann lite suksess, delvis fordi dei utan Hawkins mangla ein skikkeleg frontmann.

I 1965 møtte Levon og bandet bluessongaren og munnspelaren Sonny Boy Williamson. Dei ønskte å spele inn plate i lag med han, og tilbaud seg å vere bandet hans, men Williamson døydde kort tid etter møtet.

Med Bob Dylan Seint på sommaren 1965 såg Bob Dylan seg om etter eit band som kunne spele med han på den første «elektriske» turneen hans i USA. Levon and the Hawks vart anbefalt av bluessongaren John Hammond, som tidlegare på året hadde nytta Helm, Hudson og Robertson på albumet So Many Roads.Heylin, 173-174Gray, 292-293 Samstundes arbeidde ein av venene deira frå Toronto som sekretær for manageren til Dylan, Albert Grossman. Rådet hennar til Dylan var: «Du må få sett desse karane».Hoskyns, 85-86

Etter å ha høyrt bandet spele og eit møte med Robertson, inviterte Dylan Helm og Robertson med seg i bandet. Etter to konsertar for Dylan, fortalte Helm og Robertson at dei ville vere lojale mot bandkameratane, og sa at dei berre ville halde fram å spele med han om han hyrte heile the Hawks. Dylan godtok dette og inviterte Levon and the Hawks med seg på turne. Gruppa ønskte dette, sidan dei visste at dei ville syne seg fram for eit langt større publikum, men frykta samstundes at musikken deira var for forskjellig frå hans. Dei rekna seg sjølv som eit tett rock- og rhythm and blues-band og visste at Dylan tidlegare hovudsakleg hadde spelt akustisk folkemusikk og protestsongar. I tillegg hadde dei lite peiling på kor populær Dylan hadde vorte internasjonalt.Hoskyns, 94-97

Med Dylan spelte dei fleire ville konsertar frå september 1965 til mai 1966 og markerte den siste overgangen til Dylan frå folkemusikk til rock. Turneane, som er av dei mest omtalte i rockehistoria, var visstnok òg prega av den heftige metamfetaminmisbruken til Dylan, og somme i the Hawks deltok i denne framferda.Hoskyns, 104 Dei fleste konsertane vart møtt av plagsame folkemusikktilhengjarar, som ikkje likte den nye musikalske retninga til Dylan. Helm vart så påverka av den negative mottakinga at han forlet turneen etter tre månader og vart ikkje med bandet vidare verken i 1965 eller på verdsturneen i 1966.Gray, 33 Helm arbeidde denne tida som oljearbeidar i Mexicogolfen.

Under og mellom turneane prøvde Dylan og the Hawks fleire gonger å spele inn musikk i studio, men utan dei heilt store resultata. Innspelingar i oktober og november førte til ein brukande singel, «Can You Please Crawl Out Your Window», og to innspelingsdagar i januar 1966 som var meint for det neste albumet til Dylan, Blonde on Blonde, kunne heller ikkje nyttast. Då dei flytta frå studioet til Columbia i New York til Nashville, hadde Robertson erstatta Mike Bloomfield som hovudgitaristen til Dylan. Dei andre medlemmene i the Hawks vart ikkje inviterte til Nashville, sjølv om Danko er tilskriven på bass og Hudson på klaverinstrument og saksofon på Blonde on Blonde.

Med Mickey Jones på trommer (erstatta Sandy Konikoff, som hadde teke over då Levon Helm drog), spelte Dylan and the Hawks i Free Trade Hall i Manchester i England, i mai 1966. Konserten vart legendarisk då ein fyr i publikum mot slutten av det elektriske settet til Dylan ropar «Judas!». Etter ein liten pause svarar Dylan, «I don't believe you. You're a liar!» («eg trur ikkje på deg. Du er ein løgnar!») Han snudde seg så mot the Hawks og sa «Play it fucking loud!», før dei la ut på ein syrleg versjon av «Like a Rolling Stone».Sounes, 213-215