mini|upright|page=4|Raoul Ponchon teikna av han sjølv Café de Cluny var ein kjend kafé i Paris på hjørnet Boulevard St Germain og Boulevard St. Michel i Latinarkvarteret. Kaféen var grunnlagd i 1869.
Mange kjende kunstnarar og forfattarar som Paul Verlaine, Arthur Rimbaud, Arthur Koestler, Raoul Ponchon, Marguerite Duras, André Malraux, Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir var faste gjestar. Café de Cluny var favorittkaféen til Ernest Hemingway.
Om Raoul Ponchon er det skrive: «Han åt frukost alle dagar i veka på café de Cluny. Han kom att om ettermiddagen for å ta eit glas absint.» «Raoul PONCHON», pensees-ecrites.net
Ernest Delahaye måla Verlaine med eit glas absint sittande i kaféen i første etasje.
Møteplassen for desse var i andre etasje som såg meir ut som eit bibliotek enn ein restaurant. Filosofane møttest her kvar onsdag og forfattarane på laurdags morgon. I motsetnad Café Les Deux Magots og Café de Flore lenger ned i gata kunne dei møtest her utan at turistar sat og var nyfikne.
Kaféverten Jean-Marcel Toledo omtalte Café de Cluny som ein «litterær og filosofisk kafé».
Kaféen er no lagd ned (2010) og erstatta av ein pizza-restaurant.
Kjelder
Chicago tribune 1995
Foto Foto
Kategori:Kaféar i Paris Kategori:Skipingar i 1869