Ma'ale Adumim (hebraisk מעלה אדומים‎, arabisk معاليه أدوميم‎) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1976 og fekk bystatus av israelske styresmakter i 1991. Folketalet er 39 200.(2013) Ma'ale Adumim er den tredje største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Ma'ale Adumim ligg i Jerusalem-provinsen. Busetjinga ligg nær grensa mellom Israel og Vestbreidda, om lag 6 kilometer aust for Jerusalem, og mange av innbyggjarane er dagpendlarar til Jerusalem.

Dei palestinske styresmaktene reknar Ma'ale Adumim som ei stor hindring for ein framtidig palestinsk stat fordi området truar med å dela det palestinske området i to. Den israelske statsministeren Ariel Sharon sa i 2003 at ein eventuell fredsavtale med palestinarane måtte omfatta at Ma'ale Adumim og andre busetjingar ville verta ein del av Israel."Israel's 'linchpin' settlement" frå BBC 12. november 2005, på engelsk. Ifølgje lekka dokument frå fredsforhandlingane mellom Israel og palestinarane avviste Israel i mai 2008 eit tilbod frå palestinarane om å gi opp mesteparten av Aust-Jerusalem fordi palestinarane ikkje også ville gi opp å få tilbake Ma'ale Adumim og Ariel."Israel spurned Palestinian offer of 'biggest Yerushalayim in history'" frå The Guardian 23. januar 2011, på engelsk.

Venskapsbyar Williamsport i Pennsylvania

Kjelder Fotnotar

Bakgrunnsstoff Offisiell kommune Uoffisiell by-nettside

Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Blanda israelske busetjingar kategori:israelske busetjingar på Vestbreidda kategori:Busetnader grunnlagde i 1975 kategori:1975 i Israel