«Stage Fright» er ein song av The Band og tittelsporet på det tredje albumet Stage Fright. Rick Danko syng solovokal og han vart skriven av Robbie Robertson. I følgje forfattaren Barney Hoskyns hadde Robertson opphavleg tenkt at han skulle syngjast av Richard Manuel, men det vart klårt at songen betre passa «den nervøse, skjelvande røysta» til Danko.
Det finst konsertopptak av songen på Rock of Ages frå 1972, og på Before the Flood, eit konsertalbum frå turneen til The Band med Bob Dylan. Han vart òg framført på The Last Waltz. Studioversjonen vart gjeven ut på singel i Danmark. Konsertversjonen frå Before the Flood kom ut som B-side av Dylan-singelen «Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)» i 1974.
I følgje AllMusic-kritkaren William Ruhlmann handlar teksten om «fallgruvene i heider og ære.»
Medverkande
Robbie Robertson – elektrisk gitar Garth Hudson – Lowrey-orgel Richard Manuel – piano, korvokal Rick Danko – bass, solovokal Levon Helm – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stage Fright (The Band song)» frå , den 15. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1970 Stage Fright Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Robbie Robertson Kategori:The Band-songar